Den siste timen (III)
Den siste timen (III)Av Gunnar Soppeland Å forkynne Guds OrdForkynninga av Guds Ord vil alltid vere i fokus mellom kristne, anten arbeidet går fram eller ttende. I dag er tradisjonell forkynning i djup krise. Manglande gjennomslagskraft gjer at ho taper terreng som det berande elementet i den kristne verksemda. Emissæren er snart ein kuriositet. Personar som disponerer andre eigenskapar, verkemiddel og møteopplegg har teke plassen hans. Monologen frå talarstolen er kritisert både for si form og sitt innhald. Det er eit alvorleg faktum at Guds Ord kan forkynnast slik at det vert utan frukt. Paulus minner om at til og med Kristi kross kunne misse si kraft ved at evangeliet vart forkynt på feil måte (med vise ord). Forsvinn den …