Søk

Dag Rune Lid

Skapt av Gud!

I det sentrale Kina i byen Xi’an, som ligg sør i Shaanxi‑provinsen, var det i 1974 ein bonde som skulle grave ein brunn. Plutseleg støytte spaden i noko hardt. Dei byrja å grave og i dette området fann dei ein hær nede i jorda. Det var 8000 ulike soldatar i brent leire og i full størrelse.

Skapt av Gud! Read More »

– Vårt kall er å forkynne heile Guds råd!

Det er forkynnaren og pensjonisten Dagfinn Natland (74) som seier dette med tanke på den åndssituasjonen me i dag lever i. – Vårt kall i denne tid er å forkynne Guds ord i sanning – heile Guds råd. Då er det Gud sjølv som handlar. Då er det Gud som talar til folket. Difor trur eg djevelen har det forferdeleg travelt no.

– Vårt kall er å forkynne heile Guds råd! Read More »

Eg vil gje dykk framtid og von!

«For eg veit kva tankar eg tenkjer om dykk, seier Herren. Det er fredstankar og ikkje tankar til ulukke. Eg vil gje dykk framtid og von» (Jer 29:11). Me lever i urolege tider. Nyheitene, som møter oss dagleg gjennom alle dei ulike mediekanalane på nettet, skapar lett frykt og angst i mange menneskehjarto. Me høyrer om krig, folk som reiser seg mot folk, rike mot rike. Det er hungersnaud og jordskjelv både her og der. (Matt 24)

Eg vil gje dykk framtid og von! Read More »