Kven sigrar i ditt liv?
«Då samrådde eg meg ikkje medkjøt og blod.»Gal 1:16 Når Gud talar, seier mennesket sjeldan tvert nei. Om det gjorde open motstand, ville samvitet verta uroleg. Difor går den gamle natur ein annan veg for å sleppa gjera Guds vilje. Han går inn på satans diskusjon og bortforklåring. Hadde Paulus gjort dette, ville han ha vorte ein farisear til sin døyande dag. For det smakar ikkje for kjøt og blod å leva Kristi liv. Vårt gamle vesen er egoistisk og sjølvkjært. Det vil seg sjølv, og ber mothug mot Gud. Når ordet ikkje samsvarar med vitet, trur syndaren meir på seg sjølv enn på Gud. Læra om synd og nåde høver ikkje med det gamle mennesket sine religiøse og moralske …