Heim, ekteskap og familie (Del 2)
«Underordna dykk under kvarandre i age for Kristus.» Ef 5:21 Slik er grunntonen i det som Bibelen seier til kone og mann i ekteskapet. Me lever i ei oppjaga tid som djevelen veit å utnytte. Eit ekteskapet må pleiast, det går ikkje av seg sjølv. Det har aldri vore så sterkt press på ekteskapet som i dag. Difor er det viktig å ha tid og lytta til kvarandre, vere oppmerksame, vise omsut og gje kvarandre oppmuntrande ord. Dessutan treng båe ektefellane dagleg å få leve ved den reinsande flod i Jesu blod. For i og med den nye fødsel, vert det ein kamp mellom Ånd og kjøt i hjarta. Kjøtet har ektefellane med inn i ekteskapet – det vert ikkje …