Margrethe Skumsnes til minne

Margrethe Skumsnes til minne

Margrethe Skumsnes fekk heimlov 23. november 2001, 87 år gamal. Det var vel kanskje ingen av oss som hadde tenkt at Margrete skulle nå ein så høg alder, når ein tenkjer på dei mange og harde sjukdomsturane ho vart prøvd med, ikkje minst dei siste åra.

Margrete vart med i Lekmannsmisjonen alt frå starten i 1963. Ho hadde fått nedlagd ein trong til å vitna og dela Ordet med ei små, spreidde flokkane og foreiningane kringom landet. Denne trongen var fødd alt frå ungdomen hos Margrete. Soleis var ho tidleg med i tenesta for Ordet, først i Misjonssambandet.

Når Margrete vitja oss, var gjerne det første spørsmålet: «Kor har de det då?» Og ein kunne merka at det ikkje minst var det åndelege livet som då låg ho på hjarta.

Heilt til det siste fylgde Margrete levande med i misjonsarbeidet, – både ute, heime og ikkje minst på Bibelskolen på Fossnes.

Margrete såg fram til flyttedagen. Dette kom fram i mange samanhenger, og i eit brev uttrykte ho det slik: «Tenkjer på kor stort og godt det skal bli å koma heim til Jesus. Å, for eit øyeblikk og dag; sjå han som har frelst mi arme sjel frå synd og død – berga meg heim! Då skal nok tungebandet løysast til takk og lovsong. ”Lammet, ja Lammet, dets vunder og sår, Æren og prisen i evighet får! Amen, halleluja, amen!”»

Fred og signing over Margrete Skumsnes sitt minne.