Mitt besøk til bibelkurset i 1999
Av nåde alt jeg får Hos Gud fra først til sist. Av nåde leges mine sår Av legen Jesus Krist. Dette verset tona for meg i mange dagar etter at eg kom heim att frå Fossnes. Me var fem damer frå bygdene her i Hardanger som tok i veg til Fossnes på bibelkurs 22.-26. november 1999 Me fylgde Haukeli-ekspressen og det var riktig bra. Då me kom fram til Sem sundagskvelden 21. nov. stod Torunn Fossdal og tok mot oss. Dei to minste borna hadde ho med i bilen. Det var i alt ti personar som var innmelde på kurset. Me vart alle tekne i mot med eit godt hjartelag, god mat og fine rom. Dei fleste måltida hadde me …