Bøn om vekkjing
Det er naturleg for ein kristen å be om vekkjing. Under slik bøn er det viktig å spørja seg sjølv om det kan vera noko i mitt eige liv som kan stå i vegen og vera ei hindring. Ein ting er sikkert; er det synd som vi ikkje vil skiljast frå, så vert ein eit hinder både for seg sjølv og for andre. Det er blitt sagt at sann vekkjing begynner med Guds folk. Det kan nok i mange tilfelle vera slik, for Ordet når som regel dei truande først – og gjer si gjerning i hjartejorda. «For tida er komen då domen skal ta til med Guds hus …» (1Pet 4:17). Men vi ser i Guds ord (også i …