Koparormen
«Då sende Herren seraformer inn mellom folket…» 4Mos 21:6 «Det er liv i å se»Den drepande gifta som ormen fekk overført til Adam og Eva, gjekk i arv til alle deira etterfølgjarar.Her i øydemarka fekk folket, på grunn av si synd, bokstaveleg talt erfara ormegifta, og mange av israelitt- ane døydde. Folket erkjente at dei hadde synda, og dei gjekk til Moses og bad om han ville gå i forbøn for dei og be Herren ta ormane bort. Herren høyrde bøna, men på ein annan måte enn folket hadde tenkt seg. Herren sa til Moses at han skulle laga ein seraform og setja han på ei stong, «så skal kvar den som er biten og ser på han, få leva» […]