Det himmelske syn
«Difor, kong Agrippa, vart eg ikkje ulydig mot det himmelske synet.» Apg 26:19 Det er Paulus som uttrykkjer seg slik. Han sit i arrest etter klagemål frå jødane, men så får han stige fram for kong Agrippa. Kapittelet vert innleia med: «Agrippa sa då til Paulus: Du har lov til å tala om deg sjølv». Paulus får avleggje eit personleg vitnemål og forsvar framfor sjølvaste kong Agrippa. Paulus hadde vore ein av dei fremste og mest lovande teologistudentane i Jerusalem. Han var dyktig og flink. Han hadde site ved den lærde Gamaliel sine føter – den fremste teologiske læraren i Israel i denne tid. Paulus var på veg til å verte ein stor åndeleg lærar og leiar i sitt folk. …