Ein annan veg heimover

Vismennene skulle ikkje reisa heim att same vegen som dei kom, for Herodes ville drepa barnet (Mat 2:7-12).

På heimveg
Jesus var i fare då han vart fødd til verda. Og han er i fare kvar gong han blir fødd i eit syndarhjarta. Difor kan heller ikkje du og eg gå den same vegen som før – om me vil at Jesus skal leva i oss.

Slik som Herodes ville at vismenn-ene skulle koma til han etter at dei hadde funne barnet, slik vil verdslege menneske mange gonger at me skal koma og vera med dei som før. Det er farleg å slå lag med verda. Djevelen, verda og vårt eige kjøt dreg og lokkar på oss.

Farer undervegs
I brevet til galatarane, skriv Paulus: «For kjøtet trår imot Anden, og Anden mot kjøtet. Dei står kvarandre imot, så de ikkje skal gjera det som de vil». Her seiest det i klartekst at det som vi vil, er å synda! Ein kristen får verkeleg kjenna kva som bur i han og kor svak han er i freistingar.

Kva kan vera til hjelp i striden mot det gamle mennesket? Du må først setja namn på synda! Det som du strir med, har Jesus løyst deg frå. Jesus har frelst deg ifrå å tena ditt gamle menneske. Det vart krossfesta med Kristus. Det gamle mennesket har ikkje lenger krav på deg. Du er fri frå å tena det. Den fridomen vann Jesus deg.

Det skal du væpna deg med når synda lokkar. Då misser synda si makt. Kva om eg likevel fell i synd, ikkje berre ein gong, men igjen og igjen? Lever du med Herren, vert synda ei plage og ein dom. For kvart fall dømer samvitet meir og meir, og det vert vanskeleg å tru Guds nåde, og du vert meir og meir redd for å synda og gjera Den Heilage Ande sorg, slik at han til slutt må forlata deg.

Skal vi nå heim?
For den som lever i synd, vert synds-erkjenninga svakare og svakare – ettersom synda blir meir og meir akseptert. Du orsakar deg med at du er så svak. Dessutan er nåden større enn synda, og synda blir ufarleg og etter kvart akseptert. Ditt hjarta er ikkje rett for Gud. «For det som ein ligg under for, det har ein òg vorte ein slave av» (2 Pet 2:19b).

Guds tilgjeving er uendeleg. Di synd er svakare enn Guds nåde. Berre du ikkje blir verande i synda, så er det nåde å få. Det er ikkje syndemengd eller syndefall som er det avgjerande, men vårt forhold til synda og til Guds ord.

«Mine born! Dette skriv eg til dykk så de ikkje skal synda. Og om nokon syndar, har vi ein talsmann hjå Faderen, Jesus Kristus, Den Rettferdige. Og han er ei soning for syndene våre, og det ikkje berre for våre, men òg for alle i heile verda» (1Joh 2:1-2).