Det som var ei vinning for meg
«Men det som var ei vinning for meg, det har eg for Kristi skuld halde for tap.» Fil 3:7 Det er Paulus som skriv dette til Filipparane. Kva var så Paulus si vinning? Han var omskoren den åttande dagen, av Benjamins stamme, ein hebrear fødd av hebrearar. Han var uklanderleg etter loven, brennande ihuga etter å forfylgja kyrkjelyden – for han trudde han tente Gud med det. I tillegg kom det som høyrde til hans gudsteneste, alle slag offer: matoffer, brennoffer, røykelseoffer osv. Carl Olof Rosenius seier at alt dette svarar til det som hos oss i nytestamentlig tid kallast gudsfrykt: bøn, andakt, gudsteneste, gode gjerningar osv. Den tronge porten Kvar og ein som vil til himmelen, må gå gjennom …