Det som var ei vinning for meg

«Men det som var ei vinning for meg, det har eg for Kristi skuld halde for tap.» Fil 3:7

Det er Paulus som skriv dette til Filipparane. Kva var så Paulus si vinning? Han var omskoren den åttande dagen, av Benjamins stamme, ein hebrear fødd av hebrearar. Han var uklanderleg etter loven, brennande ihuga etter å forfylgja kyrkjelyden – for han trudde han tente Gud med det. I tillegg kom det som høyrde til hans gudsteneste, alle slag offer: matoffer, brennoffer, røykelseoffer osv. Carl Olof Rosenius seier at alt dette svarar til det som hos oss i nytestamentlig tid kallast gudsfrykt: bøn, andakt, gudsteneste, gode gjerningar osv.

Den tronge porten

Kvar og ein som vil til himmelen, må gå gjennom den tronge porten. Her kjem ein til å gjera visse erfaringar, til liks med Paulus. Det er noko du ikkje får med deg inn, noko du må mista. Kva då? Nettopp det som du gjerne trur gjer deg til ein kristen! Her får du ikkje med deg noko av ditt eige, heller ikkje det som du meiner Jesus har verka i livet ditt. Det er m.a. det som gjer porten så trong.

Kva er så di vinning dersom du ikkje har gått gjennom den tronge porten? Det er alt som høyrer kristenlivet til: Du trur på di omvending, på di tru, bibellesing og møtegang, bønhøyring osv. Du set bevisst eller ubevisst di lit til slike ting. Dette med Jesus blir noko sjølvsagt som du kan og veit, men det har ikkje skapt glede i hjarta. Ja, men dersom eg skal mista alt dette, då har eg jo ingen ting att! Det har du rett i. Det same var tilfelle med Paulus og Nikodemus. Og det er tilfelle med alle som har gått inn gjennom døra til Guds rike; dei fekk ingen ting med seg.

Du vil gå inn gjennom porten til Guds rike med det som du set di lit til, di vinning, din eigen kristendom. Men det som Jesus har gjort, gjorde han for ugudelege! «For medan vi ennå var skrøpelege, døydde Kristus til fastsett tid for ugudelege» (Rom 5:6). Eg trur at Den Heilage Ande gjennom Guds lov har mykje arbeid med oss for å overtyda oss om at vi er fortapte syndarar, for det skjønar vi ikkje før vi får gjera erfaringar om det. Då blir det ikkje lenger berre ein teori, noko som vi veit og har lært. Gjennom denne prosessen blir vi førde fram til den tronge porten. Kva seier Jesus om han? «Gå inn gjennom den tronge porten! (…) For trong er den porten og smal er den vegen som fører til livet, og få er dei som finn han» (Mat 7:13-14).

Ein annan stad seier han: «Strid for å koma inn gjennom den tronge døra. For mange, seier eg dykk, skal freista å koma inn og ikkje vera i stand til det» (Luk 13:24).Patriarken Jakob kom ikkje inn i Kanaan før han fekk eit møte med Gud, som kom og streid mot han, og Jakob måtte erkjenna kven han var: Jakob, luringen og bedragaren. Vi må alltid stå for Gud som den vi er. Vil du bli ein sann kristen, må du først bli det Guds ord seier du er: syndar, ugudeleg, fortapt. Kva kan ein fortapt gjera til si frelse?

Inngangen til Guds rike

Det å koma inn i Guds rike er ikkje noko som går umerkeleg for seg. «Sjelen den må utstå en kamp for den tro Hvorav vår salighet henger. Porten kalles trang og veien heter smal». Er du kjend med noko av dette? Då kan du i tilfelle ikkje vera uvitande om det, for det er, som sagt, ikkje noko som går umerkeleg for seg. Her er altså noko meir enn berre å bestemma seg for å bli ein kristen, sjølv om det òg er heilt nødvendig.

Kvifor er det slik at vi må mista alt vårt eige? Utan at det skjer, får vi ikkje bruk for ein «stedfortreder», ein mann fullt og heilt i vår stad. Sagt i klartekst: Du må mista – eller gi opp – eller bli fråteken din eigen kristendom. Den har ikkje Herren bruk for. Ikkje du heller! Så lenge det er der du har di trøyst. Dessutan vil Jesus ha heile æra for frelseverket. Han har ikkje bruk for vårt bidrag! Han sa jo at det var fullført! Han var åleine om det. Dersom du vil ha med noko av ditt inn i dette, så stel du æra frå han som gjorde alt ferdig.

Eg hugsar dei dagane då eg stod ved porten, fattig og hjelpelaus, og dekket for augo gradvis vart trekt til side, og eg vart slik ført gjennom porten. Alt vart nytt. Jesus var ikkje ein eg berre skulle tru på. Nei, det gjekk opp for meg at han hadde ordna mi sak med Gud. Jesus var Guds gåve til meg; som det står i ei songstrofe: «Jesus, det er mer enn meget at jeg deg til gave fikk». Den mest alvorlege synd vi kan ha, er vår eigarettferd. For det er å ringeakta det som Jesus er og har gjort, og blir vi verande i den synda, går vi fortapte.

Fullført for fortapte syndarar

Frelseverket er fullført for fortapte syndarar, ikkje for rett omvende som har eit kristenliv å visa til. Skal eg ikkje omvenda meg då? Jau, du skal venda om – frå deg og ditt til det som Jesus har gjort! Frelseverket er ferdig for deg – her og nå, same korleis du har det. Det er av pur nåde. Tek du imot det slik som du er og har det, så ærar du Jesus og det som han har gjort for deg. Er ikkje dette for lettvint? Det kosta Jesus mykje, og det måtte gjerast slik det vart gjort, for vi var fortapte og kunne ingen ting gjera til vår frelse. Det er ikkje trongt hos Jesus, men det er trongt i våre hjarto til å ta imot forinkje. Dess meir uskikka og uverdig du kjenner deg, dess strørre grunn har du til å ta imot utan vederlag – for inkje.

«Derfor alle vegne kan du deg tilegne
Med et trøstig mot: Jesus for deg døde,
For din skyld og brøde, Og igjen oppstod.
Grip kun til! Han gjerne vil
Være din med hva han eier,
Med sin død og seier»

(Hans Adolph Brorson).

Sjølvbedrag og sjølvprøving

Frå ei anna side sett: Er det eigentleg så lettvint for oss? Både ja og nei. Det kostar ganske mykje å koma til denerkjenninga at eg er eit fortapt menneske som ingen ting kan gjera til mi frelse, anna enn å gi Gud rett i det som loven dømer meg for. Det er døden for det gamle mennesket. Er dette ukjent terreng for deg? Eller er det kanskje kjent, men eit tilbakelagt stadium?

Har du kanskje i kortare eller lengre tid levd i sjølvbedrag, så kostar det å måtta erkjenna det. Mest vil det gjerne kosta for slike som er – eller har vore – åndelege leiarar, predikantar, misjonærar, prestar osv. Det går nemleg ikkje noko ekstratog til himmelen for slike, er det så sant blitt sagt. Det gjer det heller ikkje for meg som skriv dette. Det vil uansett kosta å få augo opplatne og sjå at ein har levd i sjølvbedrag. Men det kostar meir å gå fortapt! Lukkeleg den som våknar opp før det er for seint. Det er stor nåde frå Herren.

Sett frå ei positiv eller objektiv side, så er det lettvint på den måten at vi skal få ha vårt alt i ein «stedfortreder», ein mann heilt og fullt i vår stad. Korleis kan ein veta om loven har gjort si gjerning i vårt liv? Dersom du ikkje lenger veit deg noko anna til frelse enn i din fattigdom – å ha di trøyst åleine i det som Jesus har gjort og er for deg – då har loven utført si oppgåve som var å driva deg til Kristus. «Slik har lova vorte vår tuktemeistar til Kristus, for at vi skulle verta rettferdiggjorde av tru. Men no når trua er komen, er vi ikkje lenger under tuktemeistaren» (Gal 3:24-25).

«Til fridom har Kristus frigjort oss. Stå difor fast, og lat dykk ikkje på nytt leggja under trældoms åk» (Gal 5:1).