— Land! Land! Land! Høyr Herrens ord!
– Land! Land! Land! Høyr Herrens ord!Av Dag Rune Lid Profeten Jeremia ropar slik til sine landsmenn og sitt fedreland. (Jer 22:29) Jeremia tala til eit folk som hadde falle frå Herren. Men dei ville ikkje erkjenne det som fråfall. Dei ville vere Guds folk, men utan omvending og oppgjer med synd. Elska folket sitt Jeremia var eitt med folket og lei under at dei ikkje ville lytta til Guds ord. Han såg at dei levde i sjølvbedrag og vart forførte av sjelefienden. Likevel ville dei ikkje høyre når han åtvara dei mot avgrunnen som låg framfor. Kva var så Jeremia sitt oppdrag? «Sjå, i dag set eg deg over folka og rika til å rykkja opp og riva ned, …