Kvifor kom du til vår jord?
Kvifor kom du til vår jord?Av Dag Rune Lid Me skal snart feire jul igjen og minnast han som kom julenatt for to tusen år sidan. Dei aller fleste menneske i vårt land feirar jul utan tanke på kvifor han kom. Men kvifor kom han? Kvifor var det naudsynt at Gud sjølv kom til jord, og blei fødd i ein stall – blei forkasta av menneske og til slutt måtte døy på ein kross? Når Bibelen skal forklare dette talar han om at Gud er heilag, og alt som skal vere i hans nærleik i himmelen må vere heilagt og utan synd. Den heilage Gud tåler ikkje synd, og Bibelen seier at han er ein fortærande eld mot all synd. …