Noko om sann og falsk helging

Noko om sann og falsk helging
Av Josef Nilsen (1920-1981)

Vår tids forkynning legg ofte stor vekt på den kristne sitt liv. Men eg har merka meg at vår vokster i helging og siger over synda ofte blir boren fram på ein lovisk måte. Du skal få hjelp og kraft av Jesus, blir det ofte sagt. Og på ein måte er det rett nok, for det vil han meir enn gjerne gi oss.
Men blir det på den måten at vår helging skal vera med å bøta på det Kristus gjorde for oss, då blir det falskt. Kanskje mange gjekk bort frå den truande flokken nettopp fordi dei ikkje fekk sjå fridomen i heilaggjeringa? Forsoninga og vår rettferd for Gud kan bli bibelsk rett og sant forkynt, men derimot når det gjeld vårt liv, då har eg ofte det inntrykk at her må me streva alt me kan om Herren ein gong skal bli nøgd med oss.
Lat oss lesa nokre Guds ord, og be Den Heilage Ande kaste lys over dei for oss. I Ef 1:4 står det: «For i han (Jesus) har han valt oss ut før grunnvollen til verda vart lagd, så vi skulle vera heilage og ulastande for hans åsyn.»
Her ser me at når Gud i himmelen ser på sine barn i Kristus, så er dei alltid heilage og ulastande. På nokon annan måte kan Gud aldri godta ein syndar.

Heb 10:14: «For med eitt offer har han for alltid gjort dei fullkomne som vert helga.» Dette er eit merkeleg ord. Først talar det om at me er fullkomne, og at dette gjeld for alle tider. Så talar det om noko som skal skje: Å bli helga.
Me må setja skille mellom det me er i Jesus og det me er som kristne her på jorda. Den vokster og det liv me lever her på jorda, som er ei frukt av trua på Jesus og evangeliet, den kan på ingen måte bli den helgingsdrakta du står i for Gud!
Her nede på jorda er alt smitta av synd. Ei tid tenkte eg at ein prest eller predikant var eit heilagt menneske. Men slik er det nok ikkje alltid, for nådegåvene og den personlege helginga fylgjest ikkje alltid åt. Kor me her tek feil så ofte! Også ein prest og predikant kan åleine bli heilag for Gud i Kristus Jesus. Kor ofte legg ikkje sjelefienden her på ny samvit inn under lova, og seier at det lyt då ein gong bli annleis med deg, for du ligg jo framleis under for synder etter å ha levt så mange år som ein kristen.
Me prøver så å bli annleis, men gjer den smertelege erfaring som er tala om i Romerbrevets 7. kapittel. Då finn du lite av det som er heilagt i ditt liv, og det blir spørsmål om det enno finst nåde for ein syndar som meg.
Det er nåden som opptukter oss til å seie frå oss dei verdslege lystene, og til å leva heilagt og rettferdig i den noverande verda. Lova er duglaus både som frelsesveg og til helging – ja også til å bevara oss i samfunnet med Jesus.
Derimot er lova gitt for å openberra vår absolutte syndigheit, avmakt og hjelpeløyse. Det blir ganske umogleg å makte noko av det lova krev. Men nå har Gud i Kristus gjort det umogelege, det som me sto makteslause overfor. (Rom 8:1f)
Gud har kledt oss i ei rettferds- og helgingsdrakt, som aldri kan bli tilsulka av våre synder. Trur du dette, då er du salig.

Nå er det dei som seier at dette er alt for lettvint. Det blir at ein berre kan halde fram i synda, for nåden er jo den same. Men dei som seier slikt, kan ikkje kjenna evangeliet, for det har aldri hatt ein slik virkning. Det du ville var jo å bli kvitt di synd, ikkje sant? Men hadde det lukkast for deg, då ville du nok snart bli så heilag og god at du ikkje hadde bruk for nåde.
Dette er grunnen til at me må seie at den forkynning er falsk som legg noko av vårt kristne liv som grunn for den heilagdom Gud krev.
Gud krev ikkje meir av syndaren. Han har fått betaling nok ved Jesu offerdød på krossen, for der var jo heller ikkje noko å krevje hjå et falle Adams barn.

Byggjer du di trøst om helging på di eiga åndeligheit? Eller byggjer du den på dine nådegåver? På det at Herren har gitt deg lys i Ordet? Alt dette har Gud gitt deg for dei andre si skuld – til oppbygging. Nådegåvene har du fått for å tena i menigheten.
Legg nå bort tanken på alt dette som du skulle vera eller få til, for det har ein annan gjort. Jesus, som var din stedfortredar for Gud, har også helga seg for deg. (Joh 17:19)

Mange bibelord bekreftar at slik er vår stilling for Gud, i trua på Jesus. Her er vår fridom, vener, som burde fryda våre hjarto. I staden går me her kvar for oss; – og er helst opptekne med våre synder, og stundom føler me oss dømde. Men så er me slik at me elskar vår syndigheit – så djupt er me falne.
Kva er din siger i dag? Kanskje du lyt svara at alt blei nederlag? Har du ikkje tenkt på at du kan få tru at Jesu siger og offer er ditt, midt i all di syndigheit? Fordi du er alt anna enn heilag, så er Jesus heilag. «Og eg helgar meg for dei, så dei òg skal vera helga i sanning,» sa han i Joh 17:19.
Du taper nok ofte i kampen mot det vonde, men han vann ein evig siger over synda, døden og vondskapen sin åndehær. Ja, men dei er her ennå, og stormar inn på ein stakkar med djevelsk makt og list! Strid ikkje i eiga makt, lat Jesus strida for deg! Vis til ordet om hans siger!
Å – om dei visste dette, alle dei som er fanga inn under lova sitt krav om eit fint og fromt liv for å kunne tru på Jesus – tru at eg er eit Guds barn. Lova er avsett som frelsesveg, ho gjeld ikkje for Gud! (Gal 3:13)
Just fordi loviskheten blir brukt som ein stige til å klatra opp til Gud, blir det ala opp så mange farisearar mellom oss. Kristi fullbrakte verk blir fornekta der det blir kravd noko av oss eller tillagt noko av vårt.

Du skal nok få veksa i helging også som menneske og kristen. Men lever du Jesus nær, er han så god imot deg at han skjuler dette for deg. Det er heller ikkje naudsynt å leita etter slike fikenblad for å skjula din nakenskap, for du er jo skjult og tildekka med nådens rike herlegdom! Anten du får tru det eller ei, kvila i det eller ei, så er du like heilag og ulastande i Guds augo. Var det ikkje slik, då måtte ein løgnar kome inn i Bibelen.
I Bibelen har du eit mektig våpen mot Satans anklage, kjære bror og søster i Herren. Om han anklagar deg for alt i ditt liv, så held ikkje hans anklage for Guds domstol. Der er og blir du frikjend!
Fordi du er ein god og seirande kristen? Nei! Nei!
Nei, fordi du har teke di tilflukt til Jesus – «til frelserens vunder og sår».

I vår tid ropast det høgt om større siger og åndsfylde. Dersom denne siger og åndsfylde gir oss tillit til oss sjølve, då er han falsk! Og tek han noko bort frå Jesu siger, er han eit listig bedrag frå sjelefienden. «Prøv åndene om dei er av Gud!» (1Joh 4:1) Denne nådegåva trengst i dag. Men den som eig henne, han må seie frå, og det kostar.

Så får eg vera eit Guds barn, anten det blir siger eller nederlag, – når nederlaga fører meg til han som har forlating å gi. Jesu blod reinsar oss frå all synd, endå til den som måtte vere full av syndeflekker. Jesu blod skjuler alt for Guds åsyn. Gud vere takk!

Frå «Lov og Evangelium», okt. 1972

Sist oppdatert: www.nll. no