Medan båten sokk!
Det er tredjedag jol 1942. Frå Hoddøya i Namsenfjorden legg ein liten motorbåt frå land. Kursen står inn mot Namsos. På sætet i det vesle rorhuset sit Leif Prestvik – ein breiskuldra kraftkar på 26 år. Leif var ein ungdom alle sette høgt. Hans dugleik på sjøen, hans stille og fine ferd, hans ærlege og hjelpsame vesen gjorde at alle vart glade i han. Ei av systrene står nede ved stranda. Motorduren vert veikare og veikare. Til slutt høyrer ho han ikkje lenger. Den vesle farkosten gleid bort i ein mørk og disig fjord. Kva ville Leif i Namsos denne mørke kvelden? Vi veit berre at lengten etter å møta andre kristne ungdomar drog han. Og han trong hjelp i …