Vær frimodig, ottast ikkje!

Vær frimodig, ottast ikkje!
Av Dag Rune Lid

På mange vis lever me i ei uroleg tid, der ein kristen kan kjenne på at «giften i tidens vær og vind truer å røve meg livet», eller kan oppleve det som Mathias Orheim: «Når vekkinga stilna og folket det fór, og få er her att som vil høyra Guds ord», eller ein ser at Guds rike taper på alle frontar i heim, skule og samfunn, og Guds ord og namn vert openbert spotta. Då vil mismotet lett gripe vårt hjarta.

Kjære truande ven! Høyr då Ordet frå den allmektige: «Styrk dei kraftlause hendene, og gjer dei ustøe kne sterke! Sei til dei urolege hjarto: Ver frimodige, ottast ikkje! Sjå, der er dykkar Gud»! (Jes 35:4)

Orda har ei spesiell adresse: Til dei urolege hjarto, til dei som har kraftlause hender og kne som er ustøe, når angsten har gripe hjarta. Kva er bodskapen til desse? «Vær frimodig, ottast ikkje»! Kvifor? «Sjå, der er dykkar Gud», den veldige, som tronar evig!

Kven er han? Det er han som opna den stengde veg gjennom Raudehavet. Det er han som stoppa den flaumstore Jordan-elva – så ho stod som ein vegg. Det er han som knuste Jerikos enorme murar. Det er han som gjennom fornedring sigra over alle makter – og som med sitt eige hjarteblod vann ei evig utløysing for sitt folk. Det er han som er den same i dag som i går. Difor: «Ver frimodig, ottast ikkje»!

Vær frimodig, redde hjerte.

Dristig, du forsakte sinn!

Skynd deg nå med all din smerte,

like til din Jesus inn!

Ja, jeg løper like til.

La dem spotte, hvem som vil!

Slikt jeg ei kan se og høre,

når jeg har med Gud å gjøre.

Jesus, takk at alle steder,

får jeg være deg så nær.

Du har milde ord som gleder,

sterke ord som frelser her.

Bort all synd og sorg og savn!

Se, jeg er i Jesu favn!

Det er ære her å ligge.

Det er rikdom her å tigge!

Hans Adolph Brorson, 1735