«For så elska Gud verda…»
«Altså, liksom éin manns brot vart til fordøming for alle menneske, såleis vart og éin manns rettferdige gjerning til livsens rettferdiggjering for alle menneske.» Rom 5:18 Fallet og oppreisingaKorleis kan ei ugudeleg, fortapt menneskeslekt verta frelst? Det er nemleg vår stilling etter syndefallet. Det er alle menneske sin situasjon. Skal det skje, så må det koma ein redningsmann utanfrå, som kan ta seg av vår sak. Denne redningsmannen er komen og har gjort det ufattelege storverk å forlika oss med Gud. «Men alt dette er av Gud, han som forlikte oss med seg sjølv ved Kristus og gav oss forlikstenesta. Det var Gud som i Kristus forlikte verda med seg sjølv så han ikkje tilreknar dei misgjerningane deira, og la …