Ingen ting hindrar Herren!
Me lever i ei tid der fråfallet frå Guds ord er større enn nokon gong sidan kristendommen vart innført her i landet for tusen år sidan. Som kristenfolk tapar me slag etter slag i åndskampen, og det ser ut som om djevelen sigrar på alle frontar. I 1. Samuels bok (kap. 13-14) står ei historie som ber med seg mange parallellar til vår tid, og som har gjeve inspirasjon til Guds folk gjennom alle tider. Ein overveldande fiendeDet var veldig åndskamp kring Guds folk, då som no. Fienden som omkransa dei var så mange som sanden ved havsens strand. Folket var så hardt trengde at dei gøymde seg i hòler og hellarar og bergskorter og kjellarar og brunnar. Heile folket …