Utan pengar og utan betaling

«Å, alle de som tyrstar, kom til vatna! Og de som ingen pengar har, kom, kjøp og et, ja, kom og kjøp utan pengar og utan betaling vin og mjølk!» Jes 55:1

Kva tid kan ein kjøpa utan pengar? Det kan ein gjera når ein ikkje har pengar og alt er gratis. Er det ikkje litt rart at det står «kjøpa», når alt er gratis? Vi er ikkje vane med å få noko utan å gjera opp for oss når vi er ute på handel. Ofte trur vi at slik er det også i Guds rike.

For å kunna kjøpa utan pengar og utan betaling, må vi først bli pengelens! Og det kostar! Det kostar alt mitt, det vil seia mi eiga rettferd. «Men det som var ei vinning for meg, det har eg for Kristi skuld halde for tap», skriv apostelen Paulus til filipparane (Fil 3:7). Paulus si vinning var hans eiga fromheit, som han meinte Gud hadde verka i livet hans og som han sette si lit til (jfr. farisearen si bøn i tempelet).

Skal vi overføra det til oss og vår tid, tilsvarar det vår omvending, vår tru, vårt bøneliv, vår omgang med Guds ord gjennom lesnad og forkynning osv. – kort sagt: vår eigen kristendom. Det er i slike ting vårt gamle menneske søkjer si trøyst. Eller du kan ha di trøyst i åndelege opplevingar, i Guds konkrete hjelp i mangslags nød, di gjerning i Guds rikes arbeid osv.

Dette rekna Paulus for tap og skrap då han vart frelst. Alt hans eige var verdilaust. Han hadde skaffa seg ein åndeleg kapital som han måtte bli fråteken om han skulle bli frelst. Det hende på vegen til Damaskus og dei tre neste dagane, då han «korkje åt eller drakk» (Apg 9:1-18). Så fekk han del i evangeliet – utan pengar og utan betaling.

Du som aldri har gått fallitt på det du trur du må ha for å vera ein sann kristen, du har skaffa deg ein større eller mindre åndeleg kapital til liks med Paulus (Saulus). Då får du ingen ting. «Hungrande metta han med gode gåver, men rikfolk sende han tomhendte bort» (Luk 1:53). Det er ikkje det vi manglar som er problemet, men det vi har.

Det å bli frelst, er eit verk av Den Heilage Ande. Han brukar Guds ord slik det er gitt oss – som lov og evangelium. Han tek frå meg mitt – og gir meg sitt. «Vend du meg om, så vert eg omvend!» (Jer 31:18).

«Læk meg Herre, så vert eg lækt! Frels meg, så vert eg frelst!» (Jer 17:14).

Er det ingen ting som kviler på meg?

Ditt og mitt ansvar er å gi Guds ord rett i sin dom over alt vårt eige, men også gi han rett når han talar om Jesus.

Korleis blir eg pengelens? Sett frå Guds synsstad er vi i realiteten pengelens! Vi har ingen ting å betala med når det gjeld vår frelse. Det må han også få oss til å innsjå og gå med på. Det gjer han ved å ta frå oss det vi måtte ha å bidra med. Då blir vi fattige og hjelpelause.

Kva tid er eg hjelpelaus og fattig nok til å kunna ta til meg evangeliet? Vil du betala for frelsa med din fattigdom, så må du veta at fattigdom ikkje er noko betalingsmiddel! Dessutan er det utan betaling!

Likevel, kva tid er eg fattig nok? Det er i grunnen eit galt stilt spørsmål, for ein blir aldri nok verdig eller nok uverdig til Guds nåde. For nåden errein nåde! Du skal sleppa å blanda deg og ditt inn i det som Jesus var åleine om å ordna. Men skal ein likevel prøva å svara direkte på spørsmålet, kan ein seia det slik: Du er fattig «nok» når du går med på å kjøpa utan pengar og utan betaling, fordi du ingen ting har å betala med. Di og mi betaling har Jesus teke seg av. «Sønnen betalte, la det være nok! Barn er du, barn får du være» (Sb nr. 236).