Skiljet i menneskeætta
Korleis gjekk det med Barabbas etter at han vart fri – då Jesus bytte plass med han? Vart han frelst? Det står ikkje noko om det. Barabbas er på ein måte eit bilete – eller eksempel på den universelle forsoninga som vart alle til del gjennom Jesu stedfortredergjerning. Vil vi fylgja Barabbas vidare, så finn vi han representert gjennom dei to brotsmennene som vart krossfesta saman med Jesus. Desse to representerer ikkje den universelle forsoninga, men illustrerer korleis det kjem til å gå med alle frikjøpte «Barabbasar», dvs. med kvart enkelt menneske. Som dei to brotsmennene vart krossfesta ein på kvar side av Jesus, slik blir det eit skilje i menneskeætta; det blir to flokkar. Midt i dette skiljet står …