Han frelste oss
«Han er den som har frelst oss og kalla oss med eit heilagt kall. Han gjorde det ikkje etter gjerningane våre, men etter sitt eige råd og den nåden som han frå evige tider gav oss i Kristus Jesus.» 2Tim 1: 9 Jesus og den samaritanske kvinne, av Carl Block Herren kallar på alle menneske. Dei fleste står imot kallet og vil få sin dom i si tid. Andre tek imot kallet og omvender seg. Ut frå våre eigne tankar trur vi at alt dermed er gjort. Gamle Adam, som vi alle ber med oss i vår natur, vil ikkje omvenda seg, men han kan vera med å leva eit fint liv, berre han slepp å døy. Han kan gjerne …