Ære av menneske
«Det var likevel mange som trudde på han, mellom rådsherrane òg. Men på grunn av farisearane sanna dei det ikkje, så dei ikkje skulle verta støytte ut av synagoga. For dei ville heller ha ære av menneske enn ære av Gud.» Joh 12:42-43 I Brevet til filipparane, skriv Paulus: «Gjer ikkje noko av æresjuke eller av lyst til tom ære, men akta kvarandre i audmjukskap høgare enn dykk sjølve» (Fil 2:3). Om læresveinane kan vi lesa at det oppstod ei trette mellom dei om kven som skulle gjelda for den største! (Luk 22:24) Tenk, blant læresveinane! Skal tru om vi er betre enn dei? Ein av våre forkynnarar som nå er død, fortalde under eit møte at han i ein