Ære av menneske

«Det var likevel mange som trudde på han, mellom rådsherrane òg. Men på grunn av farisearane sanna dei det ikkje, så dei ikkje skulle verta støytte ut av synagoga. For dei ville heller ha ære av menneske enn ære av Gud.» Joh 12:42-43

I Brevet til filipparane, skriv Paulus: «Gjer ikkje noko av æresjuke eller av lyst til tom ære, men akta kvarandre i audmjukskap høgare enn dykk sjølve» (Fil 2:3).

Om læresveinane kan vi lesa at det oppstod ei trette mellom dei om kven som skulle gjelda for den største! (Luk 22:24) Tenk, blant læresveinane! Skal tru om vi er betre enn dei?

Ein av våre forkynnarar som nå er død, fortalde under eit møte at han i ein pause mellom møta, høyrde nokre tala saman om ein tale dei hadde blitt velsigna av. Då lytta han etter – og tenkte: Skal tru om det var min tale dei snakka om!

Talar ikkje dette vitnesbyrdet om oss alle, slik vi er etter vår natur?

«Hovmod og æresyke er en farlig fristelse innenfor den kristne forsamling. Også den som frimodig kjemper imot verden og falsk åndelighet, kan vikle seg inn i hovmodets nett og begynne og hige etter de kristnes ære, ros og aktelse». (Henta frå stykket «», som stod i . Det er eit stykke som tåler å bli lese fleire gonger!)

Tankar om forkynninga og forkynnaren
Når eg set denne undertittelen, så er det mellom anna fordi forkynnaren har ein så utsett posisjon og at hans gjerning kan få så store fylgjer på godt og vondt.

Ein forkynnar fortalde at då han fekk kallet til å reisa med Guds ord, samstundes fekk dette spørsmålet lagt innover seg av Herren: Er du villig til å vera den minste? Det kosta å svara «ja» til det, fortalde han seinare. Så langt eg lærde han å kjenna, fekk Herren bevara han på denne plassen livet ut.

Det kviler eit veldig ansvar på den som forkynner Guds ord. Det er rikeleg med grøfter å falla i. Ein kan ha ei radikal forkynning – med tanke på visse tilhøyrarar som forventar det. Ein kan og forkynna slik at «korsets anstøt» blir borte, sjølv om talen i seg sjølv tilsynelatande er radikal nok. Faren er stor for at ein kan koma til å frykta og æra menneske meir enn Gud, som ein skal stå til rekneskap for.

Når for eksempel predikantar etter møta stiller seg ved utgangen for å ta avskil med tilhøyrarane, kan det ikkje då – meir eller mindre bevisst – liggja eit håp eller ei forventning om ei positiv tilbakemelding, som for eksempel; «takk for bodskapen!»? Og dei som er på veg ut, står i fare for å seia nettopp det, sjølv om det kanskje ikkje alltid stikk så djupt. Det er så mange slags sjeletilstander.

«La det stå fast at Gud er sannferdig, men kvart menneske er ein lygnar» (Rom 3:4).

Det er ikkje det same som at predikanten aldri skal stilla seg ved utgangen og ta avskil med folket, men du som kjenner at det kan liggja ei freisting for deg her (og for tilhøyrarane!), må ta deg i vare.

Det skulle vel vera mogleg for predikanten å vera så førebudd med preika at han heller kunne nytta tida før møtet til å helsa på folket, om ynskjeleg.

Ein som sjølv mista sitt åndelege liv midt i si forkynnargjerning, sa det slik (gjengjeve av Ludvig Hope i «En emissærs livsaften»):
«En av de vanskeligste poster som en kristen noensinne kan bekle, er forkynnerens. (…) Mennesker som smigrer og skryter legger piler i det koggeret som Satan pleier å benytte seg av overfor ergjerrige mennesker».

«Gud står dei stolte imot, men dei audmjuke gjev han nåde» (Jak 4:6b).

«Han skal veksa, eg skal minka», sa døyparen Johannes (Joh 3:30). Slik gjekk det òg. I fengselet stod det ikkje rart til med han i eigne augo. Men Jesus såg annleis på det. Då utsendingane frå Johannes var farne, sa Jesus: «Større profet enn Johannes er ingen av dei som er fødde av kvinner» (Luk 7:28).

Jesus venta altså med å seia dette – til utsendingane var farne. Det var ei ros som ikkje var tiltenkt Johannes. Johannes fekk det som han hadde mest bruk for i sin fattigdom. Om det skriv Øivind Andersen: «Døperen Johannes er i sannhet blitt fattig, der han sitter i fengselet. Hans virksomhet er slutt, ingen ting er igjen av den. Han har ingen ting i det hele tatt. Han er i den stilling som et hvert menneske kommer i når han skal forlate denne verden: Han kan ikke ta noe med seg. Da kommer budskapet til ham: Evangeliet forkynnes for fattige. (…) Bare de som innser sin fattigdom, tar imot det».

Dette er plassen for både tilhøyrar og predikant. «Vi blir så små hos Jesus, det vil han vi skal bli».