Janette til minne
Janette til minne Av Ragnar Opstad Den næraste familie, ein del vener og enkelte andre fekk dette minneskrivet den gongen det vart nedteikna i 1981. Når vi no har teke det fram på nytt, er det fordi vi tykkjer Janette etterlet seg eit fint vitnesbyrd om sin frelsar. Kanskje det kunne vera ei påminning og til ettertanke for borna og dei unge som veks opp i dag, ja også for oss eldre? «Ikkje ein spurv…» Sundag 14. september 1980 måtte vi fortelja Janette at ho neste dag skulle på sjukehuset. Ho var då åtte år gammal, og hadde alt lenge periodevis klaga over magesmerter. Det vart gråt då ho høyrde det, og mor og far sitt hjarta var med i …