Den himmelske tsunami

Den himmelske tsunami

Av Dag Rune Lid

26. desember i 2004 råka ei veldig ulykke mange land i Søraust-Asia kring Indiahavet. Ei stor bølgje, ein såkalla tsunami, vart utløyst av eit jordskjelv. Det vart sagt i media at kreftene i jordskjelvet tilsvarte 550 millionar atombomber av den typen som vart sleppte over Hiroshima i 1945. Det omkom fleire hundre tusen menneske i denne tsunamien.

Den dagen ulykka skjedde, leika den ti år gamle britiske jenta, Tilly Smith, på stranda Maikhao i Phuket. Plutseleg såg ho at havet byrja å trekkje seg attende. Ho gjenkjende signala slik ho hadde lese og høyrt om dei i geografitimane før ho drog på ferie til Thailand. Ho sprang til foreldra og fortalde kva som kom til å skje. Det førte til at hundre menneske vart berga før den veldige flodbølgja velta inn over stranda.

Bibelen vitnar om at det ein dag skal kome ein «himmelsk tsunami» av langt større dimensjonar enn den som her vert nemnd. Guds ord utmalar det som då skal skje i -17 slik: «Det vart eit stort jordskjelv, og sola vart svart som ein sekk av hår, og heile månen vart som blod. Og stjernene på himmelen fall ned på jorda, som når eit fikentre kastar ned umogne fiken når det vert skaka av sterk vind. Og himmelen kvarv, liksom ein bokrull som vert rulla saman. Og kvart fjell og kvar øy vart flytte frå sin stad. Kongane på jorda og stormennene og hærførarane og dei rike og dei mektige, kvar træl og kvar fri mann, gøymde seg i hòlene og mellom berghamrane. Og dei seier til fjell og berg: Fall over oss og løyn oss for åsynet hans som sit på trona, og for vreiden åt Lammet. For deira store vreidedag er komen, og kven kan då verta ståande?»

Om denne tsunamien var enorm, kan den likevel ikkje samanliknast med den «himmelske tsunamien» som her står omtalt. Denne skal ryste kvart fjell og kvar øy på vår vide jord, og himmelen vert rulla saman som ein bokrull. Det er Gud og Lammets veldige «vreidetsunami» som råkar vår jord.

Jesus sjølv fortalde kva som skulle skje før dette: «Det skal syna seg teikn i sol og måne og stjerner. Og på jorda skal folka gripast av redsle og rådløyse når hav og brenningar brusar. Folk kjem i maktløyse av redsle og gru for det som skal koma over jorda. For himmelkreftene skal skakast» (). Bibelen fortel også kvifor det er slik og seier: «Det er forferdeleg å falla i hendene på den levande Gud!» (Heb 10:31).

Spørsmålet som då lyder mot oss er: Kven kan då verta ståande i denne veldige «himmelske tsunamien»? Menneskeleg sett er det umogleg.

Men Bibelen gjev oss svaret i kapittelet etterpå, i Openberringsboka. Her får me sjå inn i himmelen og høyre alle dei som er berga frå Lammets vreide. Kva var det dei hadde gjort? Svaret lyder: «Dette er dei som kjem ut or den store trengsla, og dei har tvetta kjortlane sine og gjort dei kvite i Lammets blod» (). Måtte du som les dette, og ikkje kjenner frelsa i Jesu blod, lytte og ta imot den medan det enno er nådetid. Gjer du det, treng du ikkje å frykte for den «himmelske tsunamien».

Som den vesle jenta fekk rope ut ein bodskap til berging for mange i denne tsunamien, slik skal du og eg som har møtt Jesus til frelse, bringe bodskapen om berging frå den «himmelske tsunamien» til familie, vener og naboar – ja til jorda sine aendar. Måtte me nytte den korte tida som er att, før natta kjem, og ingen kan arbeide!