Trua på det fullførte frelseverket
Trua på det fullførte frelseverket Av Ragnar Opstad «Då Jesus hadde fått eddikvinen, sa han: Det er fullført! Og han bøygde hovudet sitt og anda ut.» Joh 19:30 Det er ufattelig stort at Jesus vart født inn i vår slekt. Endå større er det at han kunne proklamere sin siger før han døydde. Jesus var åleine om frelseverket. Og han vil vera åleine om det i ditt og mitt liv. Ved tru Korleis blir dette vårt? Ved tru, seier Ordet. Det vil seia av nåde – ufortent. Tru står alltid som motsetning til gjerning. Trua er difor ikkje noko vi gjev Gud, men noko han gjev oss! «Så kjem då trua av forkynninga som ein høyrer, og forkynninga som ein …