Søk

Dag Rune Lid

Er du fødd på ny?

Er du fødd på ny?Av Dag Rune Lid For ein del år sidan var eg på ein studietur til Paris. I møte med millionbyen dukka det opp ei bøn i mitt indre: «Kjære far, hadde vært mogleg å få treffe ein kristen i denne by?» Guds ord seier at me kan få be om alle ting, om Gud ikkje alltid svarer slik me tenkjer det. Det blei travle dager, men ein ettermiddag tok eg meg ein tur for sjå på byen. Notre Dame- katedralen gjorde eit mektig kunstnerisk inntrykk, og deretter gjekk turen til Sacre Ceur. Her var mange kunstnarar samla på fortaua, og det gjekk på maling og portrett-teikning. Medan eg gjekk bortover gata kom ein kunstnar og klipte …

Er du fødd på ny? Les mer »

Er du ei levande grein?

Er du ei levande grein?Av Dag Rune Lid Eg er det sanne vintreet, og Far min er vingardsmannen. Kvar grein på meg som ikkje ber frukt, tek han bort. Og kvar grein som ber frukt, reinsar han, så ho skal bera meir frukt. De er alt reine på grunn av det ordet eg har tala til dykk. Ver i meg, så er eg i dykk. Liksom greina ikkje kan bera frukt av seg sjølv, men berre når ho vert verande i vintreet, såleis kan heller ikkje de bera frukt utan at de vert verande i meg. Eg er vintreet, de er greinene. Den som vert verande i meg, og eg i han, han ber mykje frukt. For utan meg kan …

Er du ei levande grein? Les mer »

Den som syndar, skal døy!

Den som syndar, skal døy!Av Dag Rune Lid Me lever i ei tid der snart ingen ting lenger vert rekna for synd. På den andre side, når nokon påpeikar at noko er synd, så kjem det snart: – Ja, det er no di meining det! Såleis set mange seg sjølv til dommar over kva som er synd. På same tid opplever me sterke religiøse straumdrag i tida, og mange står fram og vedkjenner Jesu namn og vil ha med Gud å gjere – men likevel kan dei forsvare synd og leve i synd. Slik talar ikkje Guds ord! Bibelen fortel oss om noko som hende i Jerusalem for å vise oss kor alvorleg Gud ser på synda. Eit ektepar, som …

Den som syndar, skal døy! Les mer »

Namn av å leva

Namn av å levaAv Dag Rune Lid Kap 1. Eit underleg brevBrevet var stila til forsamlinga. Då det vart lese opp skjedde det noko som med dei som høyrde det. Brevet ramma samvitet, – ingen var urørte. Det vekte både harme, irritasjon, ettertanke og glede. Det var ikkje kven som helst som fekk brevet. Det var ein veneflokk som var rekna mellom Guds folk på denne jord, og livet dei levde vitna både for truande og ikkje-truande om at dei hadde tenkt seg til himmelen. Ikkje alle var der då det vart opplese, men alle fekk høyre om det. Innhaldet gjekk som eld i turt gras, som ein seier. Mange tykte brevet var rystande, oppskakande og kritisk. Andre høyrde bodskapen …

Namn av å leva Les mer »

Jesus kjem snart!

Jesus kjem snart!Av Dag Rune Lid «Sjå, eg kjem snart!» (Op 22:7)Dei aller fleste menneske trur ikkje at Jesus ein dag skal koma att for å døma levande og døde. Men slik Bibelen inntil i dag har gått i oppfylling til den minste detalj, slik vil også dette skje. Når han kjem, skal det vera som når lynet blinkar frå himmelbryn til himmelbryn (Luk 17:23), og alle menneske over den vide jord skal sjå Jesus med eigne augo – og må gje Sanninga rett. Bibelen talar om at det skal vere uventa for alle, og det skal skje under vårt vanlege virke: «To kvinner skal mala på same kvern. Den eine vert teken med, men den andre vert sett att. …

Jesus kjem snart! Les mer »

Har du lide «skipbrot» på di tru?

Har du lide «skipbrot» på di tru?Av Dag Rune Lid Den 15. mai 1912 var verda sitt dåverande største skip på veg frå Southampton til New York med godt over 2000 passasjerar. Skuta var utstyrt med eit nytt skottsystem som dei meinte skulle gjere at ho ikkje kunne søkkje. I farvatna kring Newfoundland støytte ho plutseleg mot eit stort isfjell, og i løpet av kort tid gjekk Titanic ned og 1500 menneske omkom. Det var ein ufatteleg tragedie som ingen trudde var mogleg. Når ein høyrer om slike ulykker, har ein lett for å tenkje at slikt rammar andre, men ikkje meg. Kjære medvandrar, eg veit ikkje korleis du har det – men Bibelen fortel om at det var mange …

Har du lide «skipbrot» på di tru? Les mer »

Alt bortkasta om sjela tar skade!

Alt bortkasta om sjela tar skade!Dag Rune Lid i samtale med forkynnar Olav Fossdal «– Kva gagnar det eit menneske om han vinn heile verda, men tar skade på si sjel? Då er livet bortkasta, utan mål og meining!» – Dette bibelske spørsmålet har i grunnen kvilt over livet mitt heilt frå dei fyrste barneåra, seier Olav Fossdal frå Andebu i Vestfold. Han er fødd og oppvaksen på Fossdal i Gyland i Vest-Agder, men flytte seinare til Vestfold der han no bur som pensjonist saman med kona Bodil. Kriser og vitnetrong– Som barn hugsar eg enno kor urettferdig eg opplevde dette med korleis Jesus blei fornedra, og eg kan vel seie at eg aldri bevisst har vore borte frå Herren. …

Alt bortkasta om sjela tar skade! Les mer »

Sorg som ingen angrar

Sorg som ingen angrarAv Dag Rune Lid «For sorga etter Guds hug verkar omvending til frelse, som ingen angrar. Men verdsens sorg verkar død.» (2 Kor 7:10) Mange menneske opplever sorg. Det kan vere sjukdom, naud på ymse vis, ulykker eller død. Bibelen fortel oss mykje om sorg, men i dette verset høyrer me om ei underleg sorg – som ingen angrar. Kva sorg er det? Jau, det er sorga etter Guds hug. Denne sorg fører til den største lukke i livet for det menneske som får møte den, for den fører til frelse og evig liv. Den sorg derimot, som Herren ikkje får ta seg av, – verkar til død, både åndeleg og lekamleg. At dei må vende omBrevet …

Sorg som ingen angrar Les mer »

«- Me treng å bli forferda av Herrens Ord!»

«- Me treng å bli forferda av Herrens Ord!»Forkynnar Øyvind Samnøy i samtale med Dag Rune Lid «– Me treng å bli forferda av Herrens Ord!» Det er Øyvind Samnøy frå Luster i Sogn som seier dette. Han er forkynnar i Misjonssambandet om vinteren og sauebonde og jordbærprodusent i sommarhalvåret. Han voks opp på Samnøy i Fusa, men fann kona si inst i Sognefjorden. No held dei til heilt innunder Jotunheimen saman med fire små born. Folk er ikkje redd synda lenger Ein merkar at Samnøy eig den himmelske naud for at sjeler som lever i åndeleg sjølvbedrag må vakne opp før dei slår augo opp i helvetes gru. – Folk er ikkje redde synda lenger, seier han. – Synda …

«- Me treng å bli forferda av Herrens Ord!» Les mer »

Kan henda Herren gjer noko for oss! (Del 2)

Kan henda Herren gjer noko for oss! (Del 2)Av Dag Rune Lid (…. framhald frå førre nummer) Herren grip inn«Då kom det redsle i leiren, på marka og ikring og mellom alt folket. Jamvel forposten og herjeflokken var gripne av redsle. Jorda riste, og Gud slo dei med redsle.» (1Sam 14:15) Det kom himmelsk redsle over fiendeleiren. Det er underleg når Gud grip inn. I boka «Vårløysing» av Oscar Handeland, får me sjå inn i noko av det som skjer når Herren skapar åndelege jordskjelv på jord. Han fortel om vekkingane som gjekk over landet vårt då Guds rike hadde stor framgang i folket. Menneske som aldri hadde sett sine bein på bedehuset, vart gripne av angst for si udøyelege …

Kan henda Herren gjer noko for oss! (Del 2) Les mer »