Den som syndar, skal døy!

Den som syndar, skal døy!
Av Dag Rune Lid

Me lever i ei tid der snart ingen ting lenger vert rekna for synd. På den andre side, når nokon påpeikar at noko er synd, så kjem det snart: – Ja, det er no di meining det! Såleis set mange seg sjølv til dommar over kva som er synd. På same tid opplever me sterke religiøse straumdrag i tida, og mange står fram og vedkjenner Jesu namn og vil ha med Gud å gjere – men likevel kan dei forsvare synd og leve i synd.

Slik talar ikkje Guds ord! Bibelen fortel oss om noko som hende i Jerusalem for å vise oss kor alvorleg Gud ser på synda. Eit ektepar, som aktivt vedkjende Jesu namn, hadde selt ein eigedom. Så gøymde dei unna noko av pengane, og resten tok mannen med til disiplane. Der tok han ei «kvit løgn» og sa; at dette var alt dei hadde fått for eigedomen.

Då er det Peter tek til orde og seier: «Ananias, kvifor har Satan fylt hjarta ditt, så du skulle lyga for Den Heilage Ande … Det er ikkje for menneske du har loge, men for Gud!» (Apg 5:3-4) Guds straffedom ramma han så han seig død om på golvet.

Tre timar seinare kjem kona, og Peter tek på nytt til orde: «Korleis kunne de verta samde om å freista Herrens Ande? Sjå, føtene til dei som har gravlagt mannen din, er for døra, og dei skal bera deg og ut! Straks fall ho ned framfor føtene hans og anda ut …Då kom det stor redsle over heile kyrkjelyden og over alle som høyrde dette.» (Apg 5:7-10)

Det står at det fall redsle over dei som høyrde det, og slik er det når Gud talar. Alle menneske vil møte denne redsle, om ikkje før så på den dag då alle skal møte Gud. Når menneske i dag ikkje lenger vil høyre kva Guds ord seier er synd, så er det berre det at Gud har ikkje forandra seg. Han er like heilag og rettferdig, og han er enno ein fortærande eld mot all synd. Bibelen seier at han er i går og i dag den same, ja til evig tid. (Heb 13:8) Det er han, sjølv om heile verda fornektar det!

Lygn, svart arbeid, sambuarforhold, baktaling, sinne, misunning og så vidare, er like mykje synd i dag som på Peter si tid. Bibelen seier at dei som lever i sine synder, ikkje skal arve Guds rike. (Gal. 5.21) Gud kan ikkje gå på akkord med synda, om det så er tronarving, biskop, prest eller emissær som forsvarar det.

Når menneske kan leve i synd, og likevel tru at dei skal nå heim til himmelen, lever dei i sjølvbedrag. Slik talar Bibelen! Det menneske som får eit møte med den heilage Gud, får eit heilt nytt syn på synda. Då har det ikkje lenger noko å seie kva skattefuten, naboen eller vener seier. Då får du røyne: «Ve meg, eg er fortapt!» I Guds ords lys ser eg at det som dei aller fleste har bortforklart som synd, det er enno synd. Mine tankar, ord og gjerningar – alt er smitta av synd, og gjer meg skuldig til den evige fortaping.

Den som syndar skal døy, seier Bibelen, men han seier også noko meir. Han seier at du som erkjenner synd som synd, og gjev Sanninga rett, du kan bli frelst frå dine sine synder for Jesus skuld. Det var ein annan som vart straffa for dine synder på Golgata kors, så du skulle få fred. Difor kan sangaren syngje:

«Kom som du er til din Frelser, Smittet av vantroens dynn! Blodet som rant fra hans side, Renser din sjel fra all synd.

Hvorfor vil lenger du leve Borte fra livet i Gud? Verden bedrager ditt hjerte, Kom og bli Frelserens brud!» (S.b. nr. 200)