Alt bortkasta om sjela tar skade!

Alt bortkasta om sjela tar skade!
Dag Rune Lid i samtale med forkynnar Olav Fossdal

«– Kva gagnar det eit menneske om han vinn heile verda, men tar skade på si sjel? Då er livet bortkasta, utan mål og meining!» – Dette bibelske spørsmålet har i grunnen kvilt over livet mitt heilt frå dei fyrste barneåra, seier Olav Fossdal frå Andebu i Vestfold. Han er fødd og oppvaksen på Fossdal i Gyland i Vest-Agder, men flytte seinare til Vestfold der han no bur som pensjonist saman med kona Bodil.

Kriser og vitnetrong
– Som barn hugsar eg enno kor urettferdig eg opplevde dette med korleis Jesus blei fornedra, og eg kan vel seie at eg aldri bevisst har vore borte frå Herren. Opp gjennom åra hadde eg mange kriser, og det stod mange harde kampar mellom Jesus og «verda» i mitt unge gutehjarte. Likevel fekk eg kvile i dette at Jesus – han er vegen, sanninga og livet, og han er det for meg. Han er min frelsar og forsonar, understrekar Fossdal.

– Eg hugsar enno fyrste gongen eg var ute og preika. Ei eldre kvinne i heimbygda hadde foreining for Misjonsselskapet, og skulle ha basar – og no spurde ho om ikkje eg kunne tala. Uforstandig som eg var, svara eg ja. Det blei stor spenning og mykje hjartebank. Eg las mykje i eit gotisk nytestamente og Luther sin huspostill som eg hadde etter bestefar. Huspostillen tok eg også med meg på talarstolen denne dagen, og då eg var ferdig la eg huspostillen fram på talarstolen og sa: «Hvis de ikkje trur det eg seier, så kan me sjå kva Luther seier!» Men ingen protesterte og «ballen» byrja rulle.

– Eg hugsar også eit møte eg hadde der eg talte om «Får då Sonen gjort dykk frie, då vert de verkeleg frie». Etter at eg hadde talt, rømde eg ut døra og var bestemt på å aldri preike meir. Men han «Sven på vegskiljet», som me kalla han, følgde etter meg og pleide mitt unge hjarta. Han forstod mine indre brytningar. – Me treng slike som kan ta seg av dei unge og gje dei bibelsk rettleiing også i dag!

– I denne tida snakka far ein dag til meg om framtida, og spurde: «Du Olav, har du tenkt på framtida?» Eg kunne fortelje at eg hadde tenkt på både det eine og det andre som eg kunne tenkt meg å bli. Då er det at far seier: «Du Olav, trur du ikkje at det på slutten av livet ville vera gildt å sjå attende på eit liv for Herren?» Då var det som alle mine planar fall i grus. Det blei byrjinga på eit langt forkynnarliv, både som deltids- og heiltidsforkynnar. Prestar som forkynte dåp og konfirmasjon som einaste frelsesveg hadde han fått i vrangstrupen. Det gjorde at han hamna i Kinamisjonen, som seinare blei Misjonssambandet. Som pensjonist har han for det meste forkynt Guds ord i Lekmannsmisjonen.

Utviklinga
– Det har skjedd ei uhyggeleg forandring dei åra eg har fått leve. Synda er blitt humanisert for ikkje å støyte nokon. Ja, den er blitt ufarleggjort. Til og med det Bibelen klart og tydeleg seier er synd, er det mange som godtek, også slike som «vedkjenner» Jesu namn.

– Før var det eit avgjort skilje mellom syndaren og den som var «frigjort». Det blei tomt i dansesalen når menneske blei omvendt. I dag fortset ein med same livet som før. Men der menneska kjem til eit frigjort kristenliv – der dei blir fødde på ny – der blir det også oppgjer med synd og verdslegdom. Ein kristen kan ikkje gå på akkord med synda! Det endar med åndeleg død! Det seier Bibelen, understrekar Fossdal.

– Også når det gjeld den evige fortaping er det mykje «tåketale» i dag. Fortapinga er ikkje berre ei moglegheit. Det er ei røyndom for den som ikkje er i samfunn med Gud. Når menneske forkastar nåden blir det dommen, det eksisterer ikkje noko «både og», men berre eit «enten eller» i denne sak. Det talar Guds ord klart om.

– Nei, ein vinn ikkje verda ved å sympatisere med verda. I mange samanhengar opplever ein i dag at ein gjer kjøtet til eit middel for å vinne sjelene for himmelen. Ja, ein brukar verdslege midlar i håp om å vinna «verda». Men kjøtets attrå er fiendskap mot Gud – det kjem ein ikkje utanom. (Rom 8:7 )

– «Alle dine heilage er i di hand, dei ligg for din fot, dei tek imot dine ord.» (5M 33:3) Slik er Guds folks åndelege vesen. Det Guds fiendar hatar, det kjøtet hatar – det elskar Guds folk! Det «folk» som derfor ikkje lenger lyttar trutt til Guds ord og bøyer seg for Ordet, det er heller ikkje hans heilage folk, sjølv om dei vedkjenner Jesu namn, seier Fossdal.

Kors og trengsel
I dag høyrer me lite om at Gud oppdreg sine med kors og trengsel, men det talar Bibelen om! I Joh 16:33 seier Jesus: «I verda har de trengsle.» Trengsel er eit kjenneteikn for Guds folk. Trengslene er til for å lutre brura. Jesus vil ikkje vedkjenne seg ei annan brur enn henne som har fått si klesdrakt reinsa i blodet åt Lammet.

– Den som er blitt gjenfødd ved Guds ord, har fått møte den heilage Gud som er ein fortærande eld mot all synd, men han har også fått oppleve at nåden er dyrebar. Han har fått oppleve det som songaren syng: «Hvorfor henger han der på forbannelsens tre – jo fordi dine synder er der.» Når ein er blitt ein tilgitt syndar, blir det stort å få vere menneske!

– Eg har ofte nytta ei historie på talarstolen som illustrerer dette med dommedag i ein kristens liv: I ei bygd budde det to bondekoner som hadde god kontakt. Den eine tenkte at ho ikkje kunne bli frelst, og gjekk over og snakka med den andre: «Eg har det så vondt, eg er redd for dommedag og at eg ikkje skal bli med.» Då svar den andre: «Eg har allereie vore på dommedag eg! Du skjønar Gud hadde dommedag på Golgata, han. Der var min dommedag.» «Det var rart at eg aldri har tenkt på det,» sa den andre. – Slik er det for meg også. Guds vreide og dom ramma min stedfortredar på Golgata, seier Fossdal.

– Bibelverset i Matt 11:28 har eg ofte kome attende gjennom livet: «Kom til meg alle de som strever og har tungt å bere, og eg vil gje dykk kvile.» Det er eit vidunderleg vers, sagt av han som kan ta seg av den eine. Det har eg opplevd så mange gonger gjennom livet – korleis Herren tek seg av meg og gjev kvile.

Det myndige lekfolk
– Det myndige lekfolk, det er dei som seier: «Så seier Herren!» Den største faren i dag er at ein vil tekkjast verda – for å vinna verda. Det er djevelen sin strategi. Ein får ikkje Jesus med på det. Mange gir etter på dei bibelske sanningane, for at ikkje bodskapen skal støyte. Men det er døden sin veg for Guds folk. Då vert vi ikkje lenger noko myndig lekfolk, seier Fossdal.

– Guds sanne profetar seier alltid: «Så seier Herren!» Dei står dei på si overtyding – for den har dei funne i Ordet. Blir menneskefrykta større enn Gudsfrykta, og lojaliteten knytt til andre enn den himmelske Herre, då vil samvitet bli bunde og ein sviktar sitt kall og si oppgåve.

– Guds ord kløyver forsamlingane når det blir forkynt rett og sant. Og Ordet verkar som ein «snåvestein» der det ikkje blir motteke. Denne kløyvinga merkar ein lite til i dag. Men dersom forkynninga ikkje kløyver, blir det ingen syndesmerte og heller ingen frelsesfryd. Andens gjerning er å overtyde om synd. Men der Anden ikkje får gjere denne gjerning, får Han heller ikkje openberre Ordet, slik at sjelene blir frigjorde i Kristus. Forkynning av Guds ord til sann fridom i Kristus er det viktigaste. Elles vil sjelene gå evig fortapt, avsluttar Olav Fossdal.