Sorg som ingen angrar

Sorg som ingen angrar
Av Dag Rune Lid

«For sorga etter Guds hug verkar omvending til frelse, som ingen angrar. Men verdsens sorg verkar død.» (2 Kor 7:10)

Mange menneske opplever sorg. Det kan vere sjukdom, naud på ymse vis, ulykker eller død. Bibelen fortel oss mykje om sorg, men i dette verset høyrer me om ei underleg sorg – som ingen angrar. Kva sorg er det? Jau, det er sorga etter Guds hug. Denne sorg fører til den største lukke i livet for det menneske som får møte den, for den fører til frelse og evig liv. Den sorg derimot, som Herren ikkje får ta seg av, – verkar til død, både åndeleg og lekamleg.

At dei må vende om
Brevet som dette verset er henta frå har Paulus skrive til sine vener i kyrkjelyden i Korint. Han kalla dei sine kjære. Det er ikkje alltid så lett å ta opp ting med våre kjære, dei som står oss nær. Ein er redd for korleis dei vil reagere: – Kanskje dei ikkje vil ha kontakt lenger, – kanskje det verkar vreide, – kanskje dei legg meg for hat og eg misser kontakten med dei for all tid. Me veit ikkje alt Paulus tenkte på. Men det var om å gjere for han å få skrive til sine kjære – elles kunne det føre til at dei gjekk evig fortapt.

Det var kome inn synd mellom venene i Korint. Paulus vart minna av Gud om å skrive brev til dei om dette. Det var ikkje noko lett oppgåve å tale om synd og fråfall, og ta oppgjer med det. Paulus hadde sjelekvaler på grunn av brevet han skreiv. Det står at han til og med hadde angra på at han hadde sendt det. (2Kor 7:8) Han stilte seg nok spørsmålet: – Var det rett av meg å sende det? Men det var Guds ord han gjekk med. Det var nok den vonde som prøvde å hindra han.

Frå sorg til glede
Men så kom hans gode og nære medarbeidar Titus frå Korint (v. 6). Han hadde godt nytt å bringe. Han kunne fortelje at brevet hadde verka til sorg og omvending for dei som hadde lese det. Det hadde ført til oppgjer med synd, og til frelse for dei som tok imot bodskapen.

Det vart nok ei underleg stund for Paulus. Han som hadde angra at han sende brevet, og så fekk han høyre dette. Det er ikkje underleg at han skriv til dei att: «Men no gleder eg meg, ikkje over at de var sorgfulle, men av di de fekk sorg til omvending.» (v.9) Guds ord hadde fått gjort si gjerning.

Når det er sorg etter Guds vilje, og Herren får tale til oss i sorga, då er det rike løfte knytta til: «Sæle er dei som sørgjer, for dei skal verta trøysta.» (Matt 5:4) Ta det til ditt hjarta du som vender deg til Jesus med di sorg. Du skal verta trøysta, fordi det er han som blir kalla «all trøysts Gud» (2Kor 1:3) som seier det, og han kan ikkje lyge.

Kom lat oss vende om
Det er eigentleg den største lukke i livet å få oppleve ei slik sorg – korleis ho enn møter oss. Får Gud ta seg av det vonde, vil ein erfare det same som Paulus skriv til romarane: «For me veit at alle ting verkar saman til det gode for dei som elskar Gud», det vil seie dei som tek imot hans Ord. (Rom 8:28)

Når Herren talar til ditt og mitt hjarta om våre synder, då vert me alle like – det verkar sorg. Men utgangen på sorga, den er avhengig av korleis du stiller deg til han som vil gje tilgjeving for synd.

Herren trengjer seg ikkje på, det var så mange han let gå.

Men måtte me seie som Israelsfolket då Herren tala om deira synder: «Kom, lat oss venda om til Herren! For det er han som har rive i stykke, men han vil òg lækja oss. Han slo, men han vil òg binda om oss.» (Hos 6:1) Då får sorga ein lukkeleg ende.

«Hvorfor sørger du, min sjel?
Hvorfor er ditt livsmot bøyet?
Tro at Jesus vil deg vel,
Om hans råd er skjult for øyet.
Tenk hvor ofte har hans makt
Roser ut av torner brakt!» (Brorson, Sb 336)