Søk
Close this search box.
Søk

Når frykt vert til glede

«Sjå, det vart eit stort jordskjelv. For ein Herrens engel steig ned frå himmelen, gjekk fram og rulla steinen til side og sette seg på han. Han var som lynet å sjå til, og kleda hans var kvite som snø. Dei som heldt vakt, skalv av redsle for han, og dei vart liggjande som døde.» Matt 28:2-4

Slik fortel Skrifta om kva som skjedde påskemorgon. Det kom eit stort jordskjelv der grunnen under dei svikta! Herren rista jorda! Om desse vaktene hadde sovna på vakt skulle dei i alle høve vekkjast opp, så dei kunne få vera vitne til det som no skjedde. Ein mektig engel stig ned, han var som lynet å sjå til – kleda hans var som snø.

Det gjorde eit mektig inntrykk på soldatane. Vaksne menn, som tente den romerske statsmakt. Dei hugsa det nok til sin døyande dag. Kanskje dei dagen før hadde håna og spotta. No låg dei der som døde mellom dei levande. No var det plutseleg himmelen som rådde grunnen. No var situasjonen snudd opp ned for dei.

Slik seier Bibelen at det ein dag skal verta på denne jord. Ein dag skal alle bøya sine kne for Jesus, sjølv den stoltaste gudsfornektar må då bøya sine «stive» kne. Då skal alt verte snudd på hovudet. Då skal han som kom i fornedring fyrste gong, koma i herlegdom med sine englar. Som lynet skal det vera når han kjem. Luk 17:24.

Då engelen var borte, sprang nokre av vaktstyrken og melde frå til øvsteprestane om ALT som hadde hendt. (Matt 28:11) Det er nok få som har fått eit så levande vitnesbyrd om kva som skjedde påskemorgon som desse leiarane i folket.

Kva vart resultatet?

«Då kom desse (øvsteprestane) saman til rådføring med dei eldste, og dei gav soldatane rikeleg med pengar og sa: De skal seia: Læresveinane hans kom om natta og stal han medan vi sov. Og skulle det koma landshovdingen for øyra, så skal vi tala med han så de kan vera trygge. Dei tok imot pengane og gjorde som dei var føresagde. Og dette ryktet kom ut mellom jødane og har halde seg til denne dag.» Mat 28:12-15.

Det kunne vera dødsstraff for ein soldat å sovne på vakt, men no skulle «fake news» forkynna at soldatane «sovna» på vakt. I staden for straff fekk dei rikeleg med pengar for å forkynna løgna. Det er ikkje noko nytt under sola når Darwin, når fosterdrap, når kjønnsforvirring osv. vert forkynt i dag. Ein held sanninga nede i urettferd. Rom 1.18

Men ein dag kjem Jesus att! Då vert all løgn avslørt av han som er Sanninga! Då skal himmelen på ny tala som den talte til desse soldatane! Då skal menneska verte gripne av redsle og frykt! Då er det sigerherren frå Golgata som kjem, ikkje for å frelsa verda som første gong, men no kjem Jesus att for å døma verda og for å henta sine.

Når løgna vert avslørt, skal det opplevast så forferdeleg for det menneske som har forkasta sanninga, at dei skal seia til fjell og berg:

«Fall over oss og løyn oss for åsynet hans som sit på trona, og for vreiden åt Lammet. For deira store vreidedag er komen, og kven kan då verta ståande?» Op 6:16-17

Kven kan då verta ståande? Det er det store spørsmålet også for deg og meg. Den dag Jesus kjem i sky til dom er det ikkje lenger noko nådetid – då er det ikkje lenger mogleg å vende om.

Bibelen gjev oss svaret i neste kapittel i Johannes Openberring i kap. 7. Her får me sjå inn i himmelen og høyre alle dei som er berga frå Lammets vreide. Kva var det dei hadde gjort? Svaret lyder:

«Dette er dei som kjem ut or den store trengsla, og dei har tvetta kjortlane sine og gjort dei kvite i Lammets blod» Op 7:14.

Det var menneske som i møte med Guds ord hadde kjent på frykt for den heilage Gud, men dei hadde i nådetida søkt frelse i Jesus. I hans stedfortredande liding  og død hadde dei funne fred. Dei gav Guds ord og Andens tale rett, eller som det stod her: «Dei hadde tvetta kjortlane sine og gjorde dei kvite i Lammets blod.» Dei sa: Jesus, ditt liv og din død må gjelda for meg!

Bibelen seier at døden er menneske sin siste fiende, men ved Jesu død har døden vorte den som trur sin ven – eller ei vinning som Paulus skriv til sine vener:

«For det å leva er for meg Kristus, og det å døy er ei vinning.» Fil 1:21

Døden er ikkje lenger noko tap for ein kristen. Det er ei vinning! Liksom Jesu fornedrande død på krossen var den største siger som er vunnen, slik vert også døden den største vinning, den største siger i den truande sitt liv. Då vert den truande berga for evig heime i himmelen!

Døden er ferjemann til livets lyse land for ein kristen, der det ikkje er noko sorg, smerte, kamp og død meir. Difor skal den som har møtt Jesus til frelse sleppa å frykta døden.

I boka «Slik ble de omvendt» står det fortalt om misjonær Annie Skau Berntsen. Ho var marxsist og var medlem av ungdomslaget Karl Marx i Horten. Men ho fortel at det skjedde noko då ho i 1931 byrja som sjukepleiar på Ullevåll i Oslo. Ein dag vart ho sitjande ved sjukesenga til ein tuberkulosesjuk 18-åring, og på andre sida av senga sat mora. Mellom dei låg guten hennar som frykta døden. Han var redd for å døy.

Plutseleg seier mora: – Gjer noko då, du som er sjukepleiar må vel kunna hjelpa han. Annie svarar: – Er det nokon som må hjelpa han må det verta du som mor. – Ingen kan hjelpa meg, skrik guten. Det var ingen som kunne hjelpa han i møte med døden. Annie vart så skremd at ho flykta ut av rommet og ut på gangen. Der trefte ho ein eldre kristen sjukepleiar og ho spør: – Kan du hjelpa ein som er redd for døden? – Ja, det kan eg, seier ho.

Den eldre sjukepleiaren rusla roleg inn på rommet, medan Annie stod skrekkslagen og rådvill på gangen. Ho stod og grein, og visste ikkje si arme råd. Men då Annie litt etter kom inn att på rommet møtte ho eit fredfylt blikk. Gleda hadde teke fortvilinga sin plass, og no utbryt den døyande: – Det eg treng for å forlata denne verda, er det same som du treng for å leve i denne verda – Jesus!

Guten hadde fått eit møte med den oppstadne Jesus. I 3 dagar levde 18-åringen, og Annie stelte han. Rett før han skulle døy seier han: – No kjem Jesus og hentar meg, søster Annie.

Det ho opplevde var som eit sjokk for henne. Det at nokon kunne møta den siste time med slik tryggheit rysta grunnpilarane i livet hennar og det førte til at ho som var marxist vart ein brennande kristen. Ho fekk oppleve at Jesus var ein levande realitet, og fekk ei livslang teneste for Herren i Austen som misjonær.

Hundrevis av millionar menneske vart forførte av Marx og Mao. Dei fornekta at Jesus levde, og meinte kristendom var opium for folket. I dag er både Marx og Mao døde, men Jesus lever. Snart kjem han i sky for å henta sine. Er du mellom dei som har teke imot Jesus som din frelsar? John 1:12. Då har du mykje å sjå fram til!

Skrevet av Dag Rune Lid