Lemer på Kristi lekam
Lemer på Kristi lekam Av Tormod Vågen «De er Kristi lekam, og kvar for seg ein av lemene hans.» 1Kor 12:27 Det er ein stor løyndom apostelen her har fått openberra. Kvar kristen høyrer med til Kristi lekam. Herren er sjølv hovudet. Difor er han livet vårt. Som ein symjar har hovudet over vatnet og andar der, slik lever Kristi forsamling alt i himmelen, der hovudet er. Derifrå vert også lekamen styrd. Denne sanning kastar eit klart lys over kristenlivet sitt store verd. Kvar einaste sann kristen eig direkte samband med Kristus. Som lem på lekamen har han fått si særlege oppgåve av Herren sjølv. Denne er, og skal vera, ulik for dei ymse kristne. Dette skal hjelpa oss til …