Kvifor kallar me oss kristne?
Kvifor kallar me oss kristne når me ikkje trur på Gud? Me seier at me gjer det, ja, men lagar eigne bud. Kva skal me vel med Bibelen, kva bryr me oss om han, når det som ikkje passar oss, me berre sløyfa kan? Ja, me som trur mest på oss sjølv, kva skal me kalla oss? Me som vil ha eit enkelt liv og ikkje bera kross. Når Ordet synest vanskeleg, ja uforståeleg, då vel me lett ein nyare og meir moderne veg. Men kanskje bør me spørja Gud kva namn Han oss vil gje? Kvifor han sende Sonen sin, som nagla vart til tre? Var det fordi med eigentleg kan finna vegen sjølv, og det me tenkjer, trur …