Gleda i Herren
«Gled dykk i Herren alltid! Atter vil eg seia: Gled dykk! Lat spaklyndet dykkar verta kjent for alle menneske. Herren er nær! Gjer dykk inga sut for noko, men lat i alle ting bøneemna dykkar koma fram for Gud i påkalling og bøn med takkseiing. Og Guds fred, som går over alt vit, skal bevara hjarto dykkar og tankane dykkar i Kristus Jesus.» Fil 4:4-7 Det er tydeleg at Paulus her vil leggje sine vener i Filippi dette på hjarta, for han seier – atter, enno ein gong vil han gje dei denne påminning: «Gled dykk i Herren alltid! Atter vil eg seia: Gled dykk!» Frå fengselscellaNår ein tenkjer på den livssituasjonen som Paulus er i når han skriv dette, …