Gleda i Herren

«Gled dykk i Herren alltid! Atter vil eg seia: Gled dykk! Lat spaklyndet dykkar verta kjent for alle menneske. Herren er nær! Gjer dykk inga sut for noko, men lat i alle ting bøneemna dykkar koma fram for Gud i påkalling og bøn med takkseiing. Og Guds fred, som går over alt vit, skal bevara hjarto dykkar og tankane dykkar i Kristus Jesus.» Fil 4:4-7

Det er tydeleg at Paulus her vil leggje sine vener i Filippi dette på hjarta, for han seier – atter, enno ein gong vil han gje dei denne påminning: «Gled dykk i Herren alltid! Atter vil eg seia: Gled dykk!»

Frå fengselscella
Når ein tenkjer på den livssituasjonen som Paulus er i når han skriv dette, må ein undre seg. Brevet til filipparane trur ein er skrive i år 60/61 etter Kristus. Paulus er i fangenskap i Roma, og der i fengselscella skriv han dette.

Men det er ikkje berre her Paulus snakkar om denne gleda, nei, han formanar mange stader dei truande til å vere glade. Han seier til dømes: «Ver alltid glade! Bed utan opphald! Takk for alt! For dette er Guds vilje med dykk i Kristus Jesus» (1Tes 5:16-18).

Me høyrer også om at Paulus skriv til korintarane og seier: «Difor er eg ved godt mot i vanmakt og mishandling, i naud, i forfylging og trengsler for Kristi skuld» (2Kor 12:10). Paulus opplevde store vanskar og stor trengsle i sitt liv og virke – og likevel kan han vere ved godt mot og seie: «Ver alltid glade!» Han understrekar igjen og igjen at gleda alltid må få prege ein kristen.

Denne gleda må vere noko anna enn dette å føle seg glad. Det må vere noko som er uavhengig av trengsle, smerte, fengsel, forfølging osv.

Ei djupare glede
Kva meiner Paulus? Jau, det har med ei djupare glede å gjere enn den ytre følbare gleda. Det må vere ei glede som er forankra i noko utanfor mine eigne kjensler, i Gud ord og løfter. Ordet taler om at den truande er rein og rettferdig, himmelen verdig – i Kristus Jesus! Eg er tilgitt alle mine synder! Difor er det grunn til glede.

I denne siste tida før Jesu atterkome, treng me berre høyre på nyheitene – der er det mykje som kan gjere ein kristen uroleg. Men også i kvardagen, i familie og samfunn, er det mange ting som kan gje grunn til uro.

Kva seier Herren til sine i Ordet? «Lat ikkje hjarto dykkar uroast! Tru på Gud og tru på meg!» (Joh 14:1). Det sa Jesus til sine vener den siste kvelden han var saman med dei, før dei skulle gå inn i redsle, frykt, angst, panikk, flukt, fall og nederlag.

Herren talte det til dei i forkant, så dei skulle få klynga seg til dette løfte når prøvingane kom. Kross, trengsle og prøvingar kjem ikkje ein kristen utanom – men der midt i trengsla går Jesus med sine i eldomnen. I trengsla skal eg få gle meg i Herren! Eg får utause mitt hjarta for Herren i bøn! I Jesu namn kan eg be til han som har all makt i himmelen og på jorda!

Juble av glede
Peter skriv om denne gleda: «Lova vere Gud, vår Herre Jesu Kristi Far, som etter si store miskunn har atterfødt oss til ei levande von ved Jesu Kristi oppstode frå dei døde, til ein arv som er uforgjengeleg, uflekka og uvisneleg, og som er gøymd for dykk i himlane – de som ved Guds makt vert haldne oppe ved trua, til den frelse som er ferdig til å verte openberra i den siste tid. Difor jublar de av glede, jamvel om de no ei lita stund, når så skal vere, har sorg i mange slag prøvingar. Dette hender for at dykkar prøvde tru, som er mykje kostelegare enn det forgjengelege gull – som vert lutra i eld – skal verte funnen til lov og pris og ære når Jesus Kristus vert openberra» (1Pet 1:3-7).

Når den truande får sjå inn i kva ein eig i Kristus der heime i himmelen, den arv som er i vente, vert alt anna for ingenting å rekne. Då kan den truande juble av glede. Carl Olof Rosenius skriv i ein kommentar til denne teksten: «Guds barns glede er så stor at endog i sine ulykkeligste stunder burde de bare glede seg, prise og lovsynge». Han brukar bildet av ei fattig jente som skulle verte kongen si brud. På veg til slottet kan ho møte mange ting, men ho aktar ikkje på det, for snart står ho brud. Då vil alt det ho her opplever, vere for ingenting å rekne mot det herlege ho skulle møte på slottet. Slik skulle det også vere for ein kristen.

«O Jesus, åpne du mitt øye»
Lina Sandell vitnar om det same i sin mektige song på nr. 49 i Sangboken. Lina Sandell sitt liv var fullt av trengsle. I barndommen var ho stadig sjuk. Ho såg faren falt over bord på sjøen og drukna, og to år seinare døydde mora. Det einaste barnet ho fekk, døydde under fødselen, og på sine eldre dagar fekk ho tyfoidfeber. Ytre sett såg livet håplaust ut – men ho hadde ei glede i Herren som overskygde alt det ho møtte av smerte og naud. Høyr korleis Lina Sandell malar ut den gleda ho har i Herren, i songen ho skreiv nokre år etter ho miste faren:

O Jesus, åpne du mitt øye,
så jeg kan se hvor rik jeg er!
Jeg har en Fader i det høye
:/: som faderomhu for meg bær. :/:

Jeg har en bror som ved Guds side
vet om min sak og ber for meg.
Jeg har en nådestrøm så vide
:/: som himlens hvelving strekker seg.:/:

Jeg har en talsmann tro i nøden,
en trøster og en hjelper god.
Jeg har et evig liv i døden,
:/: en evig fred i Jesu blod. :/:

Jeg har et evighetens rike,
et nåderike, det er sant.
Jeg har en krone uten like,
:/: en arv som Jesus til meg vant. :/:

Ei burde jeg da gå og sørge,
jeg er en mektig konges brud,
skjønt tvil og vantro vil meg spørre:
:/: Hvor er din høyhet og ditt skrud? :/:

O Jesus Krist, forøk meg troen,
så jeg kan se min herlighet,
og aldri, aldri glemme kronen
:/: du har beredt fra evighet! :/:

Det er ikkje ende på dei rikdommar ho finn i Ordet– i tru fekk ho eige det himmelske syn.

Kvifor er du nedbøygd mi sjel?
David vitnar: «Om eg så skulle vandre i dødsskuggens dal, ottast eg ikkje for vondt. For du er med meg, din kjepp og din stav, dei trøystar meg» (Sal 23:4).

Herren taler til sitt folk når dei er i mørke, og seier: «Ver ikkje redd, for eg er med deg! Sjå deg ikkje ottefull ikring, for eg er din Gud! Eg styrkjer deg og hjelper deg og held deg oppe med mi rettferds høgre hand» (Jes 41:10).

Den truande skal få ta Ordet til seg akkurat slik det står, og seie med salmisten (43:5): «Kvifor er du nedbøygd, mi sjel? Kvifor brusar du i meg? Set di von til Gud!» I salmen før seier han det same, men der legg han til: «Venta på Gud!» Gong etter gong utover i Skrifta møter me Guds tale til sine, der han seier: «Ver ved godt mot» (42:12).

Alltid
Når Paulus her i teksten seier «alltid», er det nettopp for å understreke at Guds ord og løfter står fast sjølv om himmel og jord ser ut til å gå under. Me opplever ei tid som på mange vis er svært uroleg. Mange spørsmål kan dukke opp. Korleis skal det gå for meg og for mine? Vil eg og mine nå heim?

Det som er det viktige ordet i denne samanheng er uttrykket «i Herren». Når ein kristen opplever vanskar, smerte, naud og prøvingar på ulikt vis, skal han få gle seg i Herren, i Ordet – i det uforanderlege. Det kan han gjere trass alt han føler og kjenner rundt seg og i sitt indre.

I Jesus har eg som kristen del i syndenes forlating! Eg har del i eit evig liv! Eg kan gle meg over at mitt namn er skrive i livsens bok på grunn av Kristus! Kvar dag har Herren lova at han vil gå med i alt eg møter! Ein dag skal eg nå heim til himmelen, berga frå all trengsle, smerte og naud som eg kan oppleve her. Eg skal få sjå hen til Jesus som er trua si opphavsmann og fullendar.

Eg tykkjer det er talande det som Paulus skriv om dei truande: «Som sørgjande, men alltid glade. Som fattige som likevel gjer mange rike. Som dei som ingenting har, og likevel eig alt» (2Kor 6:1). Slik skal ein kristen få ha det.

Gløym ikkje
Kva er det David seier i Salme 103? «Lova Herren, mi sjel, og gløym ikkje alle hans velgjerningar!» David hadde erfart noko i sitt liv, og det var at han hadde så uendeleg lett for å gløyme Herrens velgjerningar. Så fortset han å liste opp: «Han som tilgjev alle dine misgjerningar, som lækjer alle dine sjukdomar. Han som løyser ditt liv frå grava, som kronar deg med miskunnog nåde. Han som mettar di sjel med det som godt er, så du vert ung att liksom ørna» (Sal 103:2-5).

Eg må minne meg sjølv om Herrens Ord og løfte – for der finn eg gleda. Difor har også dette med «gleda i Herren» å gjere med fokuset i ditt og mitt liv. Det me vert opptekne av – det fyller sjel og sinn. Er det verda og synda som får vårt fokus, då vil også hjarta og sinn verte fylt av dette.

La i alle ting
Eg tykkjer Ludvig Hope seier det så treffande: «Vi kan med frimodighet vitne om at vi er frelst, men samtidig kan vi gå nedtynget og urolige for mangt og mye av det som møter oss i det daglige liv. Synden kan du legge på Gud, men ikke din bekymring. Du kan tro at Gud greier å føre deg gjennom livet og døden til himmelen, men du kan ikke tro han makter og skaffe deg mat og klær. Du kan tro at han verner din sjel mot satans makt, men du kan ikke tro tillitsfullt og gi dine barn til ham. Men det er nettopp dette Gud vil vi skal. Han vil at vi i bønn, i tro og takk skal legge alt på ham – alt!»

Så langt Ludvig Hope. Eg trur at her rører han nettopp ved eit ømt punkt i våre liv. Som truande tenkjer eg at Gud tek seg av det åndelege, men ikkje livet eg lever. Men Guds ord seier: «Lat i alle ting bønemna dykkar koma fram for Gud». Det står faktisk – alle ting. Ikkje noko er for lite og ikkje noko er for stort for Herren. Han vil at du og eg som trur på han, skal vere avhengige av han i alle ting, og så vil han hjelpe i alle ting. Slik har min himmelske far omsorg for meg. Difor står det: «Gjer dykk inga sut for noko, men lat i alle ting bøneemna dykkar koma fram for Gud i påkalling og bøn med takkseiing. Og Guds fred, som går over alt vit, skal bevara hjarto dykkar og tankane dykkar i Kristus Jesus».

Han svikta dei aldri
Eg har ei bok heime som heiter «Fredsengelen», der det er fortalt om den australske misjonæren, Elise Daddow, og korleis vekkinga spreidde seg ved den Gule flod i Kina på 1930-talet. Dei siste fire orda i boka – konklusjonen – tykkjer eg har vore talande: «Han sviktet dem aldri!»

Igjen og igjen fekk dei oppleve at Herren opna og stengde dører i rett tid. Visst gjekk dei gjennom lange periodar med prøvingar, der dei måtte bie på Herren, men i si tid kom bønnesvaret. I denne boka står det også korleis Gud handla på underleg vis. Eit døme: Elise hadde aldri vore sterk til helse, og no skulle dei reise oppover den Gule flod. Heile livet hadde ho drukke mjølk, og var heilt avhengig av det. Men no var det ikkje råd å få tak i mjølk. Men også dette overlet ho til Herren. Då ho seinare på dagen heldt på å rydde, fall ein Bibel ned frå bokhylla, og då ho bøygde seg for å ta den, fall augo på eit vers der (Ord 27:27): «Du har geitemelk nok for deg og ditt hus og til livsopphold for dine jenter». Det var som det sokk i hjarta. Herren ville syte for henne også i dette, men ho undra seg på korleis det skulle skje. Ho slappvente så lengje. Same kvelden kom to kvinnelege amerikanske misjonærar på besøk til stasjonen der dei budde. Ein koseleg kveld hadde dei saman, men då dei hadde ete, bankar den eine misjonæren forsiktig i bordet og seier:

– Me har eit problem som de må hjelpe oss å løyse. Me vart minna om å ta med oss ei geit. Me kvidde oss for å ta med eit slikt vesen, og likevel måtte me ta den med. Me fekk ikkje ro for noko anna. Veit de om nokon som treng ei slik geit? Alle såg forbausa ut, utan Elise. Ho fann fram Bibelen sin og las Ordet som Herren hadde gitt henne: «Du har geitemelk nok for deg og ditt hus og til livsopphold for dine jenter». No fekk Elise frisk mjølk kvar dag.

På alle område gjennom dei 18 åra i Kina svikta Herren dei aldri! Herren svarer alltid på bønn, på sin måte, på sitt vis og i sin time.

Så avsluttar teksten frå Filipparane (4:7) slik: «Og Guds fred, som går over alt vit, skal bevara hjarto dykkar og tankane dykkar i Kristus Jesus». Det er det største! Herren gjev sin fred til sine. Eg får eige ein fred og ei glede i Herren uavhengig om eg har fredfulle dagar eller om eg må gå gjennom store prøvingar som Daniel i løvehola. Men også der var Herren med han på forunderleg vis. Herren er den same i dag.

Utdrag frå tale i Steinsdalen 21. desember 2014