Løyndommen i evangeliet
Kva er så denne løyndommen i evangeliet? Det er ein løyndom som i første omgang ikkje ser ut som ein løyndom. Det er slik med Guds ord. Ordet er klårt og tydeleg nok, men det avheng av Den Heilage Ande kven som skal få del i det. I den samanhengen har eg tenkt på ein enkel setning som ein kan seia samlar hovedsaka i evangeliet – og som er ein løyndom: «Det er nok det som Jesus gjorde!» Er det nokon løyndom? Det er jo noko som alle kristne veit! Det er like fullt ein løyndom. For dersom det Jesus gjorde for meg er nok, då er eg frelst! «Derfor kan du med frimodighet løfte ansiktet og si: Jeg er …