Tankar om forkynninga
Tankar om forkynninga Av Ragnar Opstad Ein forkynnar må tala det Guds ord som han får å gå med, uavhengig av om tilhøyrarane likar det eller ikkje. Forkynninga sist i 1950-åra og utover Det som serprega ein del av forkynninga på den tida, var at ho var ransakande, «dødande» og frigjerande. Det var åndsmakt i bodskapen, og eg hugsar eg vart fråteken mi eiga rettferd og det som Herren hadde verka i livet mitt, og som eg nok meir og mindre sette mi lit til. Og så fekk eg flytta over og kvila i det som var fullført på Golgata. Eg foraktar ikkje «den ringe begynnelses dag» (Sak 4:10). Nei, Herren stelte med meg omtrent som han gjorde med den …