– Kor skal du? – Til Kristiansand, seier eg. – Då er du…

Kor skal du?
Av Dag Rune Lid

Eg hadde sett meg godt til rette i flysetet. Eg skulle til Kristiansand denne dagen. Plutseleg kjem det ei flytilsett som trengjer seg bakover mellom seta og stansar rett framfor meg, ser meg inn i augo og seier: – Kor skal du? – Til Kristiansand, seier eg. – Då er du på feil fly, dette flyet går til Kristiansund, seier ho.

Eg skal ikkje gå inn på kva årsaka var til det som her skjedde, men dette har talt til meg i etterkant. Som menneske er me på reis mellom fødsel og grav, på veg mot ein evig himmel eller ei evig fortaping. Om du hadde stansa eit menneske på gata, og spurd kor målet for deira reise var, himmel eller fortaping – då trur eg dei aller fleste menneske hadde vara; himmelen.

Få vert frelste

Når ein er i gravferder, vert det ofte talt som om at vedkomande er komen til himmelen, om ho eller han aldri har vitna verken i liv eller tale om at dei hadde tenkt seg dit. Det verkar å vere innlysande for mange at ein hamnar der, trass i at Bibelen seier at det er få som vert frelste.

Bibelen fortel oss om ein som nok også hadde tenkt seg til himmelen. Likevel vart døden eit sjokk for han. Det står: «…då han slo augo sine opp i dødsriket, der han var i pine, – då ser han Abraham langt borte. (…) Då ropa han og sa: Far Abraham! Miskunna deg over meg og send Lasarus, så han kan duppa fingertuppen sin i vatn og svala tunga mi! For eg lid stor pine i denne elden! Men Abraham sa: Son, kom i hug at du fekk det gode du ynskte, medan du levde…» (Luk 16:13-25).

Han fekk det han ynskte seg i livet, står det. Eg trur også mange nordmenn får det dei ynskjer seg i livet. Me er mellom dei mest privilegerte på jordkloden. Materielt sett har me det betre enn nær sagt alle menneske på jorda. Likevel ser det ut for at rikdommen drep så mangt eit gudsliv. Slik har det vore til alle tider, at gode tider materielt er fråfallstider åndeleg sett. Det får vårt liv til å verte jordvendt i staden for himmelvendt. Menneska får det slik dei ynskjer det på jord, men gløymer sin Gud.

Kanskje du og eg vil gjere same erfaringa som den rike mannen, som slo sine augo opp i den evige fortapinga – der elden aldri sloknar og ormen aldri døyr. Det ville vore forferdeleg!

Kor skal du?

Difor ynskjer eg å stille deg dette spørsmålet i dag: – Kor skal du? Har du tenk deg til himmelen, då må du også gå på vegen som fører dit medan det er nådetid.

Mange tenkjer at når dei skal døy, då skal dei gjere som røvaren på krossen. Rett før dei skal inn i æva skal dei seie til Gud: «Vær meg syndar nådig!» Slik sett har dei ordna ei himmelsk livsforsikring ved ei omvending på dørterskelen til æva.

Men det er djevelen sin tale. Djevelen forfører mange menneske ved å gje dei tankar om at dei skal omvende seg seinare. Så lever menneska livet brulagt med denne sataniske tanke om at dei skal nok omvende seg, men ikkje no. Gjennom all æve skal dei måtte leve i erkjenninga av at dei ville omvende seg, men at dei lytta til den djevelske tale om at det skulle skje seinare.

Herren kan frelse menneske på grensa til æva, og det skjedde med røvaren, men livets tale er klar: Dei aller fleste menneske døyr som dei lever. Det menneske som over tid står mot kallet i frå Herren, vil også erfare noko Bibelen omtalar som forherding. Då kan nådetida for menneske gå ut før levetida. Herren har forherda ein, fordi ein har stått imot det himmelske kall gjennom mange år.

Difor, kjære lesar; stans opp og svar meg på spørsmålet: – Kor skal du? Har du tenkt deg til den evige fortapinga, ja då treng du ikkje gjere noko. Då kan du leve som den rike mannen – utan Gud, og du vil erfare det same som han ein dag. Men har du tenkt deg til himmelen, ja då må du lytte til Herrens tale og vende om til han.

Vegen er opna!

Gud har opna ein veg for deg og meg til himmelen. Denne vegen vart opna då Jesus ropte ut på Golgata kross – det er fullført! Denne vegen er for deg, kven du er, eller kva du har gjort. Alle menneske vart rekna med i kjøpet på Golgata kross, men det er berre dei som tek imot som Herren kan få frelse (Joh 1:12).

Korleis skal eg verte frelst, spør du gjerne? Guds ord seier: «Høyr så skal dykkar sjel leve!» (Jes 55:3). Når du høyrer og les Guds ord, vil du erfare at dette ordet talar til dom over deg og dine synder, men også om frelse og evig liv. Gje denne talen rett, og du vil erfare at Jesu, hans Sons blod reinar frå all synd.

– Men du kjenner ikkje meg og min situasjon, seier du gjerne. Nei, det gjer eg nok ikkje. Men eg veit om ein som kjenner deg betre enn du kjenner deg sjølv, og er prøvd i alle ting – men utan synd. Det er Jesus Kristus, Guds Son, og han seier: «Den som kjem til meg, vil eg slett ikkje støyta ut» (Joh 6:37).

– Men er det ikkje slik at eg må sjå mine synder før eg kan verte ein kristen, spør du gjerne. Skriftordet, som me her las frå Jesaja, nemnde ikkje noko om det. Det stod: «Høyr, så skal dykkar sjel leve!» Det er å høyre Guds ord det her gjeld, og så vil nok Herren vise deg nok av dine synder etter kvart. Det er ikkje dine synder som stengjer deg ute frå Guds rike, rett forstått. Det er vantrua, det at du ikkje vil tru det Guds ord som talar om at Jesus døydde for alle dine synder på Golgata kross for to tusen år sidan. Vegen er opna for deg! Men utan at du tek imot denne frelse, vil den ikkje berge deg.

– Kor skal du? Spørsmålet stansa meg på flyet, og eg avbraut mi vandring mot feil mål. Mitt ynskje og mi bøn er at det måtte skje også med deg, om du er på veg til den evige fortaping, men har tenkt deg til himmelen. Vend om i dag medan det enno er nådetid!