Den himmelske tsunami
Den himmelske tsunami Av Dag Rune Lid 26. desember i 2004 råka ei veldig ulykke mange land i Søraust-Asia kring Indiahavet. Ei stor bølgje, ein såkalla tsunami, vart utløyst av eit jordskjelv. Det vart sagt i media at kreftene i jordskjelvet tilsvarte 550 millionar atombomber av den typen som vart sleppte over Hiroshima i 1945. Det omkom fleire hundre tusen menneske i denne tsunamien. Den dagen ulykka skjedde, leika den ti år gamle britiske jenta, Tilly Smith, på stranda Maikhao i Phuket. Plutseleg såg ho at havet byrja å trekkje seg attende. Ho gjenkjende signala slik ho hadde lese og høyrt om dei i geografitimane før ho drog på ferie til Thailand. Ho sprang til foreldra og fortalde kva som …