«Ransak meg, Gud…»
«Ransak meg, Gud, og kjenn mitt hjarta! Prøv meg og kjenn mine mangfaldige tankar, sjå om eg er på fortapingsvegen, og lei meg på ævevegen!»Sal 139:23-24 I Guds lysKvifor bad David slik? Sikkert fordi han var redd for å bedra seg sjølv. Men også fordi han ikkje var i stand til å kunna ransaka seg sjølv. I denne bøna ber vi han, som kjenner hjarto, om å prøva oss – og sjå om vi skulle vera på veg mot fortapinga, og i så fall leia oss inn på himmelvegen. Det er blitt sagt at kan du bretta ut hjarta ditt for Herren og be han ransaka kvar einaste krok av det, då er du i gode hender. Korleis utfører Herren …