Du treng ikkje syta for livet

Du treng ikkje syta for livet,
for Jesus vil syta for deg.
Du kan ikkje tena to herrar,
så hald deg til Han som veit veg.

Du treng ikkje bera på bører.
Dei skal du få kasta på Han,
og Han som har omsut for barnet
vil bera deg til du når fram.

Du treng ikkje vera uroleg,
men sei alt til Han slik det er,
og roleg få kvila i vissa
at Herren er verkeleg nær.

Du treng ikkje kjempa åleine,
for Jesus ved handa di er.
Han lengtar tolmodig til timen
når barnet mot Frelsaren ser.

Han kjempa for oss heilt åleine,
han bar alle bører som fanst.
Og synda som skilde oss fråHan
vart sletta ved sigeren Hans.

Ågot Lavik