Vår fristad
«Herren tala til Josva og sa: Tal til Israels-borna og sei: De skal gje frå dykk dei fristadene som eg tala til dykk om gjennom Moses. Dit skal ein drapsmann kunna røma når han har slege nokon i hel av vanvare, utan forsett. De skal ha dei til fristader for drapsmannen når han rømer for blodhemnaren. Han skal røma til ein av desse byane. Der skal han stå attmed inngangen til byporten og leggja saka si fram for dei eldste i byen. Så skal dei ta han inn til seg i byen og gje han ein stad der han kan bu. Når blodhemnaren jagar etter han, skal dei ikkje gje drapsmannen over til han, sidan han slo nesten i hel …