Åndssituasjonen blant oss truande
Vi blir alle meir eller mindre påverka av tidsånda. Om Herren ikkje kjem oss til hjelp, har vi lite å stilla opp med – mot dei tre sterke maktene i livet vårt: Djevelen, verda og vårt eige kjøt. Forkynninga av Guds ord er ein svært viktig reiskap og ei gåve som er gjeve oss til frelse og hjelp i striden. Men det er også dei som forkynner «fred, fred, men det er ingen fred». Når satan endåtil kunne tala gjennom apostelen Peter for å føra Jesus bort frå lidingsvegen, så kan han også bruka andre, og gjer det. Det er i dag mykje forkynning som ikkje er oss til noko hjelp, ja, som kan vera – og er – skadeleg.
Åndssituasjonen blant oss truande Read More »