Kan henda Herren gjer noko for oss! (Del 1)
Kan henda Herren gjer noko for oss! (Del 1)Av Dag Rune Lid Så sa Jonatan til våpensveinen: Kom, lat oss gå over til forposten åt desse uomskorne! Kan henda Herren gjer noko for oss. Ingen ting hindrar Herren frå å frelsa, anten det er ved mange eller ved få. Våpensveinen svara han: Gjer alt du har i tankar! Gå berre du! Eg skal fylgja deg kvar du vil. 1Sam 14:6-7 Les gjerne heile kap. 13 og 14. Der får me sjå inn i ei vanskeleg tid i Israel. I kapitla foran les me at profeten Samuel er blitt gamal, og at sønene hans ikkje ferdast på Herrens vegar. Saul har blitt konge, og me ser korleis han byrjar gå fråfallet …