Nesten, men tapt!
For ei tid attende kom eg til å høyre på eit radioprogram. Det vart referert frå ei hending med det tyske luftskipet «Hindenburg», det største luftfartøyet som nokon gong har vore laga. Det var heile 245 meter langt og hadde ei topphastigheit på 135 kilometer i timen. Den 6. mai 1937, etter kryssing av Atlanteren, tok luftskipet «Hindenburg» fyr då det skulle festast til fortøyningsmasta ved Lakehurst Naval Air Station i New Jersey i USA. Flammene starta ved akterenden og i løpet av 37 sekund var luftskipet overtent. Av dei 97 personene om bord, døydde 35. Denne hendinga har kome til meg fleire gonger etter at eg høyrde om den. Dei var så nære målet, men likevel var det mange …