Døyparen Johannes

«Og du, barn, skal kallast profet for den Høgste. For du skal gå fram føre Herren for å rydja vegane hans.»Luk 1:76

Johannes si forkynning
«Og han drog omkring i heile landet attmed Jordan og forkynte omvendingsdåp til forlating for syndene» (Luk 3:3).

«Han sa: Vend om, for himmelriket er kome nær!» (Mat 3:2).

Om forkynninga hans seier David Hedegård: «Johannes’ botspreken var streng. Den rettet seg mot alle uten unntak, selv mot folkets åndelige ledere». Han refsa også Herodes for hans forhold til Herodias, som var kona til Filip, bror hans. Det kosta han hovudet!

Oppvakning
Det er Guds lov som ryddar veg til Guds nåde, om ein ikkje forherdar seg mot Guds ord, som Herodes og Herodias.

Folket kom i syndenød. Etter at Johannes hadde avslørt farisearane si sanne stilling, kom spørsmålet frå folket: «Kva skal vi då gjera?» (Luk 3:10).

Så fekk dei svar etter kva slag synd dei låg under for. Og svaret gjekk kort ut på dette: De skal slutta med den synda som de til no har lege under for! Det er også Johannes’ tale til oss. Du må slutta med den synda du er glad i og som ligg så godt til rette for ditt lynne, di legning og din livssituasjon! Og kva elles det måtte vera.

Folket tok imot Ordet og let seg døypa. Dei fekk med ein heilag Gud å gjera. Det må vi òg få. For det har vi.

«Sjå der Guds lam!»
Ein dag kjem Jesus til Johannes for å la seg døypa. I første omgang vegrar han seg for å gjera det (Mat 3:14), men så må han bøya seg under Jesu vilje og la det skje.

«Då Jesus var døypt, steig han straks opp av vatnet. Og sjå, himmelen opna seg over han, og han såg Guds Ande koma ned over seg som ei due. Og sjå, det høyrdest ei røyst frå himmelen: Dette er Son min, som eg elskar! Han som eg har hugnad i» (Mat 3:16-17).

Då går det opp for Johannes at det som folket har lagt frå seg i Jordan, si synd og sin ureinskap; går Jesus inn under og tek på seg. Det gjeld også alt mitt og ditt.

«Dagen etter ser han Jesus koma til seg, og seier: Sjå der Guds lam, som ber verdsens synd!» (Joh 1:29). «Dagen etter stod Johannes der igjen, og to av læresveinane hans. Då dei fekk sjå Jesus, som kom gåande, sa han: Sjå der Guds lam! Dei to læresveinane høyrde det han sa, og dei fylgde etter Jesus» (Joh 1:35-37).

No hadde Ordet som Johannes forkynte, skapt behov for Jesus og evangeliet.

Vakt eller frelst?
Vart så alle dei døypte frelste? Det ser ut til at det var mange som ikkje kom lenger enn til Johannes, og vart verande hans læresveinar. Kanskje var det noko av årsaken til at Johannes vart teken frå dei så brått? Samstundes som han også var ferdig med si kallsgjerning.

I Efesus fann Paulus nokre læresveinar, «og han spurde dei: Fekk de Den Heilage Ande då de kom til trua? Dei svara han: Vi har ikkje eingong høyrt at det er nokon Heilag Ande. Han spurde: Kva vart de då døypte med? Dei sa: Med Johannes-dåpen. Då sa Paulus: Johannes døypte med omvendingsdåp, og sa til folket at dei skulle tru på den som kom etter han, det er Jesus. Då dei høyrde det, lét dei seg døypa til Herren Jesu namn. Og då Paulus la hendene på dei, kom Den Heilage Ande over dei, og dei tala i tunger profetiske ord» (Apg 19:2-6).

No var dei førde over frå Johannes til Jesus.

Vi les om nokre andre i Joh 8:31-32: «Jesus sa då til dei jødane som var komne til tru på han: Dersom de vert verande i ordet mitt, då er de i sanning mine læresveinar. Og de skal kjenna sanninga, og sanninga skal gjera dykk frie». Om desse seier Øivind Andersen: «De jødene som Jesus taler til her, var ennå ikke kommet til frelsende tro. Det ser vi av sammenhengen. De var ikke gjenfødt. Men de anerkjente Jesus som Messias, og bekjente også dette for jødene».

«Johannes» i ditt og mitt liv
Har så «Johannes» fått rydda vegen for Jesus til ditt og mitt hjarta? Ja, har han det, har vi gjort erfaring av kva det er å gå fallitt på eiga rettferd, på eigen kristendom. Det er ei personleg, konkret erfaring, som nok kan vera ulik frå person til person, men resultatet blir det same: Du står tilbake, ribba for alt ditt, heile kristendommen din.

No er det ikkje frelse i å bli fråteken alt sitt eige. Det er berre ei svært vond, men nødvendig erfaring. Ikkje ei erfaring som skal gjera oss verdige til Guds nåde, eller for at Gud skal kunna ta imot oss, men for at vi skal gå med på å ta imot nåde – som nåde. «Nåde, ja nåde for ingenting, får jeg fra Golgata smake!» (Sb 471:4).

Du som er misnøgd med alt ditt eige, med omvendinga di, kristenlivet ditt og alt det som skulle vore annleis i livet ditt, eitt eller anna som skulle vore gjort eller ugjort; du har sikkert god grunn til å vera misnøgd med deg sjølv. Men hadde det vore lettare for deg å tru Guds nåde om det hadde lukkast betre med kristenlivet ditt?

Lova si gjerning er nettopp å ta frå deg all trøyst som er knytta til deg sjølv. Det er slik Herren må føra oss – for at vi skal få behov for det ein annan har utretta. Du skal sleppa å leita i deg sjølv – etter det som du har fått i Jesus.

Det Jesus har gjort, er gjort for deg, slik du er og har det no. Du blir ikkje meir verdig om ei veke eller to. Heller ikkje blir Gud meir nådig enn han alt er.

Det Jesus gjorde, gjorde han for fortapte syndarar. Men vi vil ikkje vera fortapte syndarar. Vi vil vera «gode» kristne. Det ville farisearane òg. Så lar Herren det mislukkast, når vi prøver å stabla på beina en «skikkeleg» kristen.

Er det utan betydning korleis eg lever som ein kristen då? Nei, på ingen måte, men grunnlaget for eit rikare kristenliv, eller det som kallast helging, er det fullførde frelseverket. Der blir trongen skapt til å vandra med Herren i kvardagen.

Det er fullført
Då Jesus ropa ut sitt «fullført!» på Golgata, var alt gjort som Gud gjennom lova si kravde av oss. Lova var oppfylt og synda sona. Gud måtte setja oss til side som ubrukelege. Så kom han sjølv gjennom Jesus og tok seg av vår sak med Gud.

Dette er gjort og ordna for deg – anten du trur det eller ikkje. Men trur du det, kjem det deg til nytte – no, og i all framtid. Vil du ikkje tru det, er det til inga nytte for deg. Då går du fortapt.