Lova og evangeliet

Begge deler må me lata virka med si fulle kraft og virkning. Når det står «du skal» og «du skal ikkje», er det lova si tale. Ho dømmer oss sønder og sammen, me lyt berre erkjenna at me kjem til kort med vårt syndige «eg».

Dette er lova si gjerning: ho skal gjera det slik at me verkeleg får bruk for det Jesus har gjort. Heile Jesu liv har Herren gitt oss. Men i oss sjølve er me fortapte. Som det står i Galatarbrevet (3:22): «Men Skrifta har inneslutta alt under synd, for at dei som trur, ved tru på Jesus Kristus skulle få det som var lova». «Men lova kom til så fallet skulle verta stort. Men der synda vart stor, vart nåden endå større» (Rom 5:20).

Evangeliet er noko som er ferdig. Det står at me får eit nytt liv i Kristus. «Det gamle er forgjenge, sjå alt hev vorte nytt» (2Kor 5:17). Så kan me gle oss over at Jesu Kristi liv var for oss. Då kan me seie farvel til vårt syndige «eg», og berre takke Frelsaren for det han har gjort. Altså har me eit nytt liv i Kristus, og det er fullkome og heilagt og reint.

Med Jesu inntog har me fått Den Heilage Ande, og har med det nye livet fått lyst til å gjera Guds vilje. Då vert det ikkje lovgjerningar, men eit Andens verk som er velbehageleg for Gud. Me tener i Andens nye vesen, og ikkje i bokstavens gamle, som fører til død (Rom 7:6).

Lat oss takka og prisa Herren!