Nesten, men tapt!

For ei tid attende kom eg til å høyre på eit radioprogram. Det vart referert frå ei hending med det tyske luftskipet «Hindenburg», det største luftfartøyet som nokon gong har vore laga. Det var heile 245 meter langt og hadde ei topphastigheit på 135 kilometer i timen.

Den 6. mai 1937, etter kryssing av Atlanteren, tok luftskipet «Hindenburg» fyr då det skulle festast til fortøyningsmasta ved Lakehurst Naval Air Station i New Jersey i USA. Flammene starta ved akterenden og i løpet av 37 sekund var luftskipet overtent. Av dei 97 personene om bord, døydde 35.

Denne hendinga har kome til meg fleire gonger etter at eg høyrde om den. Dei var så nære målet, men likevel var det mange som ikkje nådde fram. Hans Adolf Brorson er inne på det i salmen der han skriv: «Begynt er ikke endt, det må du vite! Du som har Jesus kjent, bli ved å stride!» (Sb 470:2).

Det er ikkje sjølvsagt at den som er byrja på himmelvegen skal nå fram. Luftskipet var ferdig med 99,99 prosent av turen. Turen var på mange vis fullført, men sekund før dei var i hamn gjekk det galt. Diverre er det slik i mange menneskeliv også, med tanke på å nå den himmelske hamn.

Djevelen har sine utallige angrep på den truande. I barne- og ungdomsåra er det framtida, det å få eit æra namn, som djevelen malar ut. I manndomsåra er det travelt for mange, med små born og ein hektisk kvardag, og mange fekk djevelen bort frå Ordet her. Men når alderdom kjem og dagane vert rolegare skulle ein tru det vart lettare, men då er det så mange som sovnar framfor TV-en, og djevelen får så si gift dag etter dag til det ikkje lenger spinn åndeleg liv att. Nesten, men tapt!

Når ein les gjennom Bibelen ser ein at unntaka er dei som fekk leve godt med Gud. Mange byrja godt, men fall frå Herren undervegs. Mange kongar i Det gamle testamente gjekk det slik med. Eit av dei klaraste eksempla på dette er kong Saul. Han som var eit utvalt reiskap for Herren, men hovmodet fekk rom, han vart forkasta og til slutt forherda.

Kva skjedde mellom dei sju kyrkjelydane som står omtala i Johannes Openberring? Der hadde det vore vekking, kristenlivet hadde blomstra. No var det gått ein generasjon, og i fem av dei sju kyrkjelydane hadde fråfallet kome inn. Dei hadde gjeve opp sin fyrste kjærleik, dei hadde namn av å leve, men var døde. Dei var lunka og Herren ville spy dei ut av sin munn. Du som har tenkt deg til himmelen, kjem ikkje utanom strid. Difor er det også Hebrearbrevet sin forfattar skriv til dei truande om å rette blikket på trua sin opphavmann og fullendar i striden så dei ikkje skal verte motlause (Heb 12:3). Kva vil det seie? Jau, kvar dag å ta tid til Ordet – snakka med Herren i bøna. Ta deg tid til å samlast med Guds folk om Ordet, slik at blikket ditt vert vendt bort frå deg sjølv, bort frå synda og alt som vil stele di merksemd. «I stilla og i tillit skal dykkar styrke vera» (Jes 30:15). Finn du dagleg din styrke her, vil Herren syte for at du ein dag vil nå det himmelske mål.

Nesten en kristen, kom, kom i dag!
Nesten en kristen, nåden mottag!
Jesus deg innbyr her,
englene er deg nær,
venner i forbønn er,
– å, vandrer, kom!


Nesten en kristen, endt høsten er.
Nesten en kristen, dommen er nær.
Nesten forfeilet seg,
nesten ei frelste deg,
nesten var dødens vei,
nesten – men tapt!

P. P. Bliss (Sb 209:2-3)