Ta på Guds rustning!
Korleis skal ein kristen forhalda seg mot djevelen og hans falne englar – vondskapens åndehær? Det står mange ting om det i Efesarbrevet 6. Det byrjar i vers 10: «Vert sterke i Herren og i hans veldige kraft». Korleis? Ved å ta på Guds fulle rustning: sanningsbeltet, rettferda som brynje med fredens evangelium på føtene, med trua sitt skjold, med frelsens hjelm. Guds ord – Andens sverdAlt dette er forsvarsvåpen, og så kjem eit angrepsvåpen og det er Andens sverd, Guds ord. Djevelen og dei vonde englane er redde for Guds ord. Då vert dei avslørte, og då må dei vika. Det var dette ordet Jesus brukte då Satan angreip i ørkenen, det som står omtala i Matteusevangeliet 4. Då …